Hopp til innhold

Løv-Ham er redda

Klubben har i løpet av helga klart å skaffa omtrent ein halv million kroner.

Video 1b2aef7c-19fe-4ca0-9dae-f8c5e72b301b.jpg

Løv-Ham reddet igjen

På eit ekstraordinært styremøte i dag blei det klart at Løv-Ham ikkje treng å trekka laget sitt frå 1. divisjon.

Fotballklubben fekk i fjor eit underskot på tre millionar kroner, og har på grunn av det slite økonomisk i år.

Fire millionar for å gå i balanse

Løv-Ham sette i gang fleire tiltak for å unngå konkurs, og fredag var det klart at dei greidde å unngå konkurs . Dei hadde då skaffa til vege tre av dei fire millionane dei treng for å gå i balanse.

Den siste millionen var avgjerande for om a-laget til klubben kunne halda fram i 1. divisjon.

Trekk tilbake permiteringsvarsel

Tilskot frå enkeltpersonar, bedrifter og Sportsklubben Brann gjer at Løv-Ham nå har trekt tilbake permitteringsvarselet som blei sendt ut tidlegare i sommar .

– Eg kan stadfesta at det har vore dialog mellom oss og Løv-Ham, og me har prøvd å gjera livet lettare for dei. Me ønskjer å vera ein støttespelar, men eg vil ikkje gå inn på detaljane i avtalen vår med Løv-Ham, seier Terje Marthinsen, fungerande dagleg leiar i Brann.

Manglar 500.000 kroner

Ifølgje ei pressemelding frå Løv-Ham har dei fått til auka inntekter og reduserte kostnadar/gjeld tilsvarande 3,5 millionar. No gjenstår ca. 500.000 koner for å komma i blanse ved utgangen av 2011.

Klubben melder at det er viktig å understreka at klubben framleis har store økonomiske utfordringar. Arbeidet med å utvida sponsornettverket vil halda fram.

Løv-Ham starta i helga kronerulling for å få inn den siste millionen, i tillegg til har dei jobba med å få på plass avtalar.