Hopp til innhold

Overdose og tjuveri på Tinghuset

Tryggleiken på Tinghuset i Bergen er elendig. Tilsette opplever overdoseofre på toaletta og tjuveri frå kontora.

Tinghuset
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Dommarar og andre tilsette i Bergen tinghus er ikkje godt nok sikra mot uvedkommande.

I dag kan kven som helst gå fritt rundt på tinghuset, også inn på dommarkontor og arkiv.

No slår dei tre domstolleiarane alarm.

På tinghuset ligg rettsalar og dommarkontor side om side i lange gangar.

Ein vakt

- Det er berre eit spørsmål om tid før det skjer noko alvorleg i Tinghuset, seier sorenkrivar Martin Tenold i Bergen tingrett.

Ingen kontrollerer kven som går inn kva dør. Berre ein vakt passar på dei 140 tilsette. Det fører til at dei tilsette kjenner seg utrygge.

- Personar kjem inn på stader dei ikkje skal vera og det har vore tjuveri frå tilsette, fortel Tenold. I tillegg har det vore tilfelle av overdose på toaletta.

Tinghuset
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Krev nytt bygg

I eit brev til justisministeren krev dei tre domstolleiarane i Bergen tinghus at tryggleiken vert betra straks. Dei vil mellom anna skilja tilsette frå publikum i eigne tilsettsoner. Då må tinghuset byggjast om.

På grunn av plassmangel, lyt ei ombyggjing venta til Gulating lagmannsrett har flytta ut av tinghuset og inn i nye lokale. 

- Nøkkelen til å gjera noko med tryggleiken i Tinghuset ligg i at Gulating lagmannsrett får nye lokale. Det har ein planlagd sidan nittitalet så det er på tide at ein får realisert bygget, seier avdelingsdirektør Jann Ola Berget i Domstoladministrasjonen.

Tek bort namneskilt

Nye domstolslokale og ombygging av eksisterande tinghus krev pengar. Justisdepartementet vil ikkje kommentera saka før neste års budsjett er klart.

I mellomtida har domstoladministrasjonen lova ein ekstra vakt, og overfallsalarmar i rettsalane på tinghuset. Men det er ikkje nok, meiner Martin Tenold. Han vurderer no å fjerna namneskilt på dørene for å minka sjansen for represalie mot tilsette.