Hopp til innhold

Vil ha FrP ut av byrådet

Byluftslisten i Bergen vil støtta eit borgarleg byråd utan Framstegspartiet (FrP).

Video Byluftlisten vil skyve ut Frp i Bergen

Protestpartiet Byluftslisten vil truleg få ein plass i bystyret i Bergen. Viss toppkandidat Endre Tvinnereim kjem inn vil han støtta eit nytt borgarleg byråd, utan FrP.

– Me vil gjerne ha eit byråd i Bergen som er bra for bylufta, seier Tvinnereim til NRK.

– Den måten me ser det kan gjerast på etter valresultatet som blei no, er eit byråd som består av Høgre, KrF og Venstre, med støtte av oss. Eg har sagt til dei tre partia at me vil støtta eit slikt byråd, seier Endre Tvinnerheim.

Byrådet vil i såfall ha støtte av eit fleirtal i bystyret på 34 mandatar.

Frøy Gudbrandsen og Endre Tvinnereim i Byluftslisten

Endre Tvinnereim og Frøy Gudbrandsen i Byluftslisten er godt nøgde med valresultatet. Tvinnereim håpar å få innflyting på kven som skal inn i byrådet.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Venstre inn i byrådet er einaste kravet

Byluftslisten har gitt beskjed til Venstre om at dei i forhandlingar kan rekna med støtte frå protestpartiet.

– Viss Venstre kjem i byråd etter slike forhandlingar så er det godt nok for oss. Me reknar med at Venstre vil forhandla fram ein god byluftspolitikk, forklarer Tvinnereim.

– Er det sannsynleg at Høgre seier frå seg samarbeidet med FrP?

– Høgre i Bergen har ein ekstremt sterk forhandlingsposisjon, så kva veg dei vil gå er heilt opp til Høgre og det veit eg lite om, seier Endre Tvinnereim.

LES OGSÅ: Høyre fosser frem i Bergen

Både Byluftslisten og Miljøpartiet De grønne gjorde eit bra val , og begge kan få plass i bystyret for første gong.