Hopp til innhold

Forskarar ved UiB mottar jamleg trugslar

Universitetet i Bergen (UiB) må få på plass klare rutinar på korleis trugslar skal handterast, meiner hovudverneombodet.

Naturhistorisk museum

Fleire forskarar som jobbar ved Universitetet i Bergen har opplevd å motta trugslar. Nokre av forskarane mottar jamleg trugslar.

Foto: UiB

Ein gjennomgang internavisa til UiB har gjennomført viser at fire forskarar ved universitetet jamleg får trugslar eller opplever noko dei synest er ubehageleg.

To forskarar har mottatt drapstrugslar, og ti har opplevd nokre tilfelle av trugslar i løpet av dei siste ti åra. Det skriv På Høyden .

13 forskarar innan fagfelta islam, multikulturalisme, minoritetar, kjønnsforsking eller klima har blitt spurt om dei har opplevd å bli truga. Berre tre av dei 13 svarer at dei aldri har opplevd det.

Fleire av forskarane har fått direkte truglsar. Andre har opplevd å bli truga på nettsider.

– Ein må absolutt rekna med å få ubehagelegheiter etter at ein har vore ute i media. Ganske mange forskarar hos oss vil ikkje vera aktive i media og det er forståeleg, seier professor Helge Drange ved Bjerknessenteret til internavisa.

– Overraska over at det er så utbreidd

Else Jerdal

Else Jerdal er hovudverneombod ved UiB.

Foto: Universitetet i Bergen

Hovudverneombod Else Jerdal ved UiB uttaler at det er uakseptabelt at tilsette skal oppleva slikt.

– Eg er overraska over at dette er så passa utbreidd. Å uttala seg om felt ein er kunnskapsrik på er ei viktig side ved det å vera forskar. At det kjem slike reaksjonar forundrar meg, seier Jerdal til NRK.

– UiB kan ikkje regulera eksterne nettsider, så det eg meiner dei må fokusera på er å følgja opp forskarar som opplever slikt. Ut frå arbeidsmiljølova har UiB plikt til å følgja opp viss det er nødvendig og ein tilsett ønskjer det. Mi oppgåve er å sjå til at dette blir gjort, seier Jerdal.

Må kontakta politiet

Universitetet har i dag ingen retningslinjer for korleis trugslar mot enkeltforskarar eller miljø skal handterast, men dei vil vurdera å få det på plass, opplyser personaldirektør Line Rye til På Høyden .

Ho meiner tilsette må kontakta politiet viss dei kjenner seg truga og er redde for sin eigen sikkerheit. UiB har ikkje kompetanse eller ressursar til å gå inn med tryggingstiltak.

– Universitetet må sjå på om HMS-retninglinjene er klare nok på korleis ein skal handtera trugselsituasjonar. Samfunnet er ikkje statisk, og me må passa på å få med endringar i rutinar når nye situasjonar i samfunnet tilseier det, seier Else Jerdal.