Hopp til innhold

Mista hybelen i brann

Fredrik Henriksen må finna seg ny plass å bu etter brannen i Strandgaten.

Brann Strandgaten

Det var mykje røyk frå Strandgaten 73 onsdag ettermiddag, men ingen flammar synleg fra gågata.

Foto: Arne Ellingsen / Tips

Onsdag ettermiddag tok det til å brenna i Strandgaten 73. Etter kort tid var det mykje røyk rundt huset .

Fredrik Henriksen bur i huset der det tok til å brenna. Han var heime aleine onsdag ettermiddag.

– Alle dei andre var på skule eller jobb. Eg satt på rommet mitt, som er i øvste etasje, men merka ikkje at det byrja å brenna. Det var først då nokon ringte på døra eg blei klar over det, seier Henriksen til NRK.

– Kan ikkje bu der

Han fekk då vita at det kom røyk frå taket og sjekka dei andre romma i leilegheita. Først då han opna eit vindauge vekk han auga på røyken, som kom ut frå steinplatene.

Brannvesenet var allereie blitt varsla og kom etter kort tid.

– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt at noko slikt skjer. Me kan ikkje bu i leilegheita no, men det ser heldigvis ut til at det har gått ganske bra med mesteparten av tinga våre, seier NLA-studenten.

Betydelege vasskadar

– Det er vanskeleg å seia noko om skadeomfanget no, men det er nok betydelege vasskader, seier innsatsleiar i politiet, Atle Raa.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om brannårsaka.

– Eg og dei eg budde saman med bur førebels hos venner, men må nok finna oss ei ny leilegheit, seier Fredrik Henriksen.