Hopp til innhold

Uønska MC-medlemmar la asfalten rundt Bergen rådhus


Asfalten utanfor rådhuset i Bergen er lagt av prøvemedlemmar i Bandidos. - Me kjende ikkje til forholdet, seier kommunen.

Video f3be7155-17cb-4aae-9202-aa72d95c26ec.jpg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Bergen kommune har erklært krig mot Hells Angels og Bandidos. Likevel var det uønska MC-medlemmar som stod for arbeidet då den nye asfalten rundt rådhuset blei lagt.

Odd Dale

Lensmann i Sund, Askøy, Fjell og Øygarden, Odd Dale.

Foto: Ingvil Aaen Torpe

For lokala til Bergen Asfalt Service på Sotra er også klubblokala til prøvemedlemmar i Bandidos. Det går fram av jakkemerka og av heimesidene til klubben.

Også lensmann Odd Dale i Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt stadfestar koplinga.

- Det er dei same som asfalterer og er medlemmar i MC-klubben. Asfaltlegging er vel og bra, men dei bør kutta ut den motorsykkeldelen der dei heng rundt Bandidos, seier lensmannen.


Inga avtale med MC-medlemmane

Bergen kommune seier dei ikkje kjende til forholdet.

- Me inngjekk ein avtale med Anleggsgartner Wikholm. Dei brukte Bergen Asfalt Service som underentrepenør. Koplinga til MC-miljøet blei me ikkje kjend med før de (NRK) tok kontakt med oss, seier byråd for eigedom og samferdsel i Bergen kommune, Øistein Christoffersen (Frp).

Øistein Christoffersen

Byråd for eigedom og samferdsel i Bergen, Øistein Christoffersen (Frp)

Foto: Ingvil Aaen Torpe/NRK

Han seier kommunen ikkje kunne ha handtert saka noko annleis.

- Det er først i januar i år at me har fått ei ny lov for offentlege anskaffingar som gjer det mogeleg for oss å avvisa MC-medlemmar i 1-prosent-klubbar med kriminelt rulleblad. Det reglementet vil me bruka i forhold til nye avtaler, seier han.

Vil ikkje kommentera saka

Karane som er på veg inn i Bandidos blir skulda for å spreia frykt og å driva med lysskye aktivitetar.

- Me veit at desse 1-prosent-klubbane livnærer seg på kriminalitet, seier lensmann Odd Dale.

Sjefen for asfaltfirmaet vil ikkje kommentera koplinga. Han har fått beskjed av Bandidos om å ikkje gje kommentarar til media.