Hopp til innhold

Hadde over 13 000 tablettar i bilen

Bergensaren Johnny Teigland er saman med to andre tiltalt for å ha innført 13 588 tablettar ulovleg til Danmark.

Subutex

BETYDELEG MENGDE: Av dei 13 588 tablettane som vart beslaglagte, utgjorde nærast halvparten Subutex (Illustrasjonsfoto).

Foto: MYCHELE DANIAU / AFP

I fylgje Haugesunds Avis , utgjer halvparten av tablettane Subutex, eit medikament som vert gitt til tunge narkomane som prøvar å slutta med heroin.

Teigland har tidlegare vore omstridt av di han lenge køyrte norske narkomane til Danmark for å kjøpa Subutex.

Tekne på grensa

Johnny Teigland

Johnny Teigland.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

I mars 2009 vart Teigland saman med ein mann (49) og ei kvinne (46) stogga i ein rutinekontroll ved grensa til Danmark. Då hadde dei tre med seg 13 588 reseptbelagte tablettar i bilen, heiter det i tiltalen frå Syd- og Sønderjyllands politi i Esbjerg.

– Saken skulle ha vore oppe for retten for ei god stund sidan, men politiet i Noreg klarte ikkje å få forkynt titlalten til éin av dei tre før rettssaken skulle ha starta, seier politiassessor i Esbjerg, Helle Toftgaard.

Nektar straffskuld

Ifylgje Toftgaard vedgår ingen av dei tre tiltalte straffskuld, og Teigland seier at han ikkje ser nokon grunn til å vedgå straffskuld i denne saka.

– Ut frå dei bestemmelsane me har sett på, skal det vera fri flyt av varer og tenester innan EU-området, seier han.

– Så du meiner at å koma over grensa med blant anna 5 880 Subutex er ok?

– Sånn som me såg på det den gongen, ja.

Teigland hevdar vidare at årsaken til pågripelsen var at han hadde misforstått regelverket.

– Me var i den feiltakinga at me kunne bringa tablettane opp til Hirtshals, slik at ein kunne henta dei der. Men no må alle vera med ned til Belgia for å henta medisinar, seier Teigland, som fortel at han framleis køyrer turar, men ikkje like ofte som før.

Millionverdiar

I tillegg til Subutex hadde trioen også med seg 6 300 tablettar Diazepam (Valium, red. anm.) og 840 tablettar Metadon.

I fylgje same avis, har Subutex ein gateverdi på 500 kroner per tablett, og beslaget vil såleis tilsei ein gatepris på nær tre millionar kroner.