Hopp til innhold

Bileigarar må ha hjelp i kulda

NAF har opplevd ein kraftig auke i talet på folk som treng hjelp med bilen.

Frost på bilrute

– Sjekk batteri, motorolje og frostvæske i vinterkulda, oppmodar NAF

Foto: larsklfem/flickr.com

15 377 gonger har NAF måtta rykka ut på hjelpeoppdrag i løpet av fire veker i november og desember. Det er ein auke på 67 prosent i forhold til same periode i fjor. Det viser tal NTB har henta inn.

Kommunikasjonsrågjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF.

Kommunikasjonsrådgjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF.

Foto: NAF

– Det er kulda som har gjort susen, ho har kome tidlegare i år. Til vanleg kjem kulda i romjula, men i år har ho kome allereie i november, seier kommunikasjonsrådgjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF til NRK.

I Hordland har det vore 1413 hjelpeoppdrag i løpet av desse fire vekene, over 400 fleire enn i fjor. Berre i Oslo har fleire bileigarar hatt behov for hjelp.

Ifølgje Engebretsen er det tydeleg at mange ikkje sjekka bilen sin før kulda la seg. Han oppmodar bileigarar til å sjekka spesielt batteri, motorolje og frostvæske.

– Problem med batteriet toppar lista. Bilar i dag er så gode at mange gløymer å tenka. Bilen går og går, men så plutseleg skjer det noko. Bilbatteri som er eldre enn fem år bør ein ta vedlikehaldslading på, anten ved heimelading eller på verkstad, seier Engebretsen.

Andre problem er attgrodde dørlåsar og bildører som ikkje går opp. For å unngå dette anbefaler Engebretsen folk å gni silikonstift på dørlistene, og å kjøpa inn låseolje.