Hopp til innhold

Krass kritikk mot politikarane

Narkomane meiner behandlingstilbodet i fengsel er betre enn på rusakutt.

Video Kritikk av rusomsorgen

- Eg skjønar ikkje kvifor helseministeren skal opna den nye rusakutten. Det er ventelister overalt, og det kjem til å bli venteliste der etter ei veke.

Rolf Henning Johnsen har vore narkoman i over 30 år og kjenner rusproblema i Bergen betre enn dei aller fleste.

Fleire får eit tilbod

Saman med Bergen kommune og Helse Bergen opna statsminister Jens Stoltenberg den nye akuttposten for rusavhengige i dag. Rusakutten har 6 seks senger for narkomane, som skal kunne opphalda seg her i maksimalt to døgn. Statsministeren seier at behandling av rusmisbrukarar er et viktig satsingsområde for regjeringa.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meiner det er eit stort behov for rusakutten i Bergen.

- Det at me no får ein rusakutt, gjer at fleire menneske kan bli tatt hand om og fleire menneske kan koma inn i eit meir varig behandlingssystem, seier Stoltenberg.

Regjeringa har gitt åtte millionar kroner til rusakutten i Bergen.

- Det har aldri vore behandla så mange som no, men det er også eit veldig stort behov. Derfor jobbar me hardt med å få ventetida ned, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

- Betre i fengsel

Men Rolf Henning Johnsen er ikkje nøgd med innsatsen til politikarane.

- Ein rusakutt med fem plassar: Kva hjelper det? Det er berre for at ho Strøm Erichsen skal få gjennomslag for ei sak, ha noko å skryta av i Bergen. Det er mykje betre at dei lagar skikkelege rehabiliteringsstader utanfor Bergen, seier Johnsen.

Han meiner fengselet er eit betre tilbod enn rusakutten.

- Det er betre å sitja inne enn å vera ute. Når du er inne, så har du betre avrusing enn ute, seier han.

- Opprett eit narko-ombod

Som så mange narkomane, opplever han at styresmaktene ikkje vil høyra på dei.

- Det er litt applaus, så går dei og så får dei ein blome. Dei høyrer ikkje på tilbakemeldingar. Det er nyttelaust å snakka med dei.

- Kva vil du seie til kommunen?

- Opprett eit narko-ombod. Dette er mykje viktigare enn Oljefondet og alt. Det har med heile Noregs framtid å gjera, avsluttar han.

Jens Stoltenberg opnar rusakutt

Både statsministeren og helseministeren var med på opninga av rusakutten i Bergen fredag.