Hopp til innhold

Fleire store kister

Ovnane som brukast til kremering tek berre standard kister. Samtidig blei det laga over 1000 ekstra store kister i fjor.

Kremasjon
Foto: Illustrasjon: www.colourbox.no

Ragnhild Thorsheim Kristing
Foto: Marion Solheim / NRK

– Vi blir visstnok større og større, og det merkast - også etter livets slutt. Eigar av Gravferdshjelpen i Bergen, Ragnhild Thorsheim Kristing, fortel at ikkje alle kan kremerast.

- Vi kan både få ekstra breid og andre, større spesialkister. Det har skjedd at kistene ikkje kan løftast, men må trillast heilt bort til gravstaden, sier ho.

Det finns altså ekstra breie kister å få, skal ein ha større kister må ein altså spesialbestille.

HØR HELE SAKEN:

Fleire king-size kister

I fjor blei det laga 1200 ekstra store kister her i landet.

På det nye krematoriet i Bergen er maks-storleik 80 centimeter i breidde, og det er ikkje alltid nok, fortel Inghild Hareide Hansen i Bergen Kyrkjelege Fellesråd.

- Det går an å få kremasjon andre stader i landet. Elles er det sjølvsagt muleg med vanleg gravferd, seier ho.

Kremasjonsovn
Foto: Marion Solheim / NRK