Hopp til innhold

Strid om fiskefeitt

Kurt Oddekalv meiner det var fiskefeitt i prøvar frå oppdrettsanlegget Sjøtroll Havbruk. Laboratoriet som gjorde analysane er ueinige.

Kurt Oddekalv
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Oddekalv vitja oppdrettsanlegget på Osterøy tidlegare i år, og meinte noko gult og brunt som flaut på overflata var fiskeslo og fiskefeitt. Han melde selskapet til politiet for akutt miljøureining.

Selskapet sjølv avviste påstandane og fekk selskapet Rådgivende Biologer AS i oppdrag å finna ut kva som var i sjøen. Konklusjonen var at stoffet i hovudsak var pollen og algar.

Ueinige

Oddekalv har likevel stått på sitt, og hevda at prøvane til Norges Miljøvernforbund vil prova at sjøen var full av fiskefeitt og fiskeslo då han vitja staden. Ifylgje miljøovernrganisasjonen viser analysane frå selskapet Eurofins Norsk Matanalyse AS at det var 1,7 prosent feitt per 100 gram.

Desse resultata kjenner derimot ikkje selskapet seg sjølv att i.

- Me har ikkje slege fast at prøvane inneheldt fiskefeitt, seier laboratorieingeniør Karin Danielsen hjå Eurofins Norsk Matanalyse AS.

Ho seier til nettstaden fish.no at opphavet til feittet kan vera alt frå feitt frå oljer til feitt frå alger.

- Me hadde lite prøvemateriale, og det er vanskeleg slå fast noko når prøvematerialet er så lite, seier Danielsen til nettstaden.