Hopp til innhold

- Regjeringa sviktar studentane

Studentane føler seg svikta av regjeringa etter at valkampløftet om 11 månader studiefinansiering ikkje vart teke med i Soria Moria 2.

Studenter
Foto: Jan Gulliksen / NRK

I valkampen lova politikarane 11 månader studiefinansiering, altså ein ekstra månad med stipend samanlikna med dagen ordning.

- Sviktar studentane

- Det var eit klart løfte til studentane i valkampen. At det ikkje er teke med i Soria Moria 2 er eit svik mot studentane, seier leiar ved Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Helene Christiansen.

Vedgår løftebrot

Politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet Kyrre Lekve vedgår at løftet ikkje nådde opp i denne omgang.

- Det har vore mange løfter kring forsking og høgare utdanning. Men i eit totalbilete vert ting sett opp mot kvarandre og diverre vann ikkje 11 månader studiestøtte fram i denne omgang, seier Lekve.

Men det var regjeringa sjølv som innførte omgrepet heiltidsstudent. Mange studentar har eksamen frå midten av mai og ut i juni. Korleis skal dei få tid til å studere viss dei må jobbe for å få pengar til siste månaden?

- Dei blir nøydde til å planleggje over heile året. Når det er sagt så er det ikkje slik at regjeringa har slått tanken frå seg sjølv om det ikkje er teke med i Soria Moria. Det betyr berre at det ikkje har like høg prioritet

- Me vil halde fram med å kjempe for dette, seier Helene Christiansen i Studentparlamentet.