Vossajenta var sjølv berre 5 år då ho sendte flaskeposten. På campingferie med familien fann ho ein flaskepost og bestemte seg for at ho òg skulle senda ein.
Venta på svar
- Eg teikna ei teikning og mamma skreiv på namn og adresse og så sendte me det av garde i ei brusflaske, fortel Tonje.
Tonje venta på svar i omlag eit år. Ho hadde aldri trudd ho skulle få svar så mange år etterpå.
- Det må ha vore ei ekstra slitesterk brusflaske, ler vossajenta.
På ei strand i Danmark
Det var 5 år gamle Alberte som fann flaskeposten til Tonje. Den låg tildekka av sand på Lyngby strand ved Vesterhavet. I brevet frå Alberte står det at papiret var noko gulna, men at ein framleis kunne sjå teikninga Tonje teikna for over 15 år sidan. Dei lurte òg på når flaskeposten var sendt og kvar den var sendt ifrå.
Skjønte alt då ho såg konvolutten
Trass i at det var gått 15 år skjønte Tonje at det var flaskeposten det gjaldt då ho såg konvolutten.
- Eg såg det på adressa som var brukt. Den er nemleg veldig gammal. 5527 Bulken har vel vore ute av drift i alle fall sidan 2000, seier Tonje.
Då Tonje no skulle svare på brevet til Alberte valte ho å svare på e-post.