Send ei helsing til din pappa nedst i artikkelen.
Amerikansk
Søndag feira Noreg farsdag. Konseptet farsdag kjem ikkje overraskande frå USA. Fyrst etter andre verdskrig tok nordmenn og andre nordbuarar i bruk dagen som ein heidersdag til far.
Og det var ein krigsveteran som fekk æra av å vera den fyrste faren til å bli heidra på farsdagen. John B. Todd frå Washington tok til å feira farsdag for faren sin, William Smart, i 1909.
Ulike datoar
I Italia, Bolivia og i Spania vert farsdagen feira den 19.mars, som er ein festdag for faren til Jesus, Sankt Josef.
I Tyskland derimot, kan far sjå fram til ekstra merksemd på Kristi Himmelfartsdag. Medan australske fedre blir feira den fyrste sundagen i september.
Naboane våre i sør, danskane, feirer like godt farsdagen på same dag som nasjonaldagen, 5.juni.