Millimeter frå tragedie

Han hadde hell i uhell mannen som køyrde av vegen i Jondal laurdag kveld.
Publisert 16.06.2008 15:44.
- Skriv ut
Lars Bjerke frå Lommedalen i Bærum var på veg til skitrening på Folgefonna Sommar Skisenter, då han fekk auge på bilen som hang i fjellsida på den andre sida av svingen.
- Det var jo litt av eit syn, og heilt utruleg at bilen faktisk hadde vorte hengande, eg trudde slikt berre skjedde på film, seier Bjerke til NRK Hordaland.
Det var ingen å sjå korkje i eller rundt bilen då Bjerke kom til staden sundag morgon.
- Først trudde me at airbagen me såg gjennom frontruta kunne vera ein person, seier Bjerke.
Hell i uhell
Lensmann i Jondal, Øystein Torsnes kan stadfesta at dei har snakka med sjåføren av bilen, ein mann i 20-åra.
- Han slapp utruleg nok frå det med liv og helse i behald, og var bortimot uskadd, seier Torsnes.
Bilen hang utfor kanten på fjellskrenten, og berre flaks har gjort at bilen ikkje hamna i bekken åtte til ti meter lengre nede.
Mannen i 20-åra kom seg ut av bilen på eigahand, og gjekk til Jondal, omlag 15 kilometer unna, til fots.
(Artikkelen held fram under biletet)

- Ufatteleg heldig
Det var Ståle Belsnes frå Jondal Bil AS som fjerna bilen frå fjellskrenten, han kan skriva under på at sjåføren i aller høgaste grad hadde hellet med seg.
- Eg ville ikkje akkurat ha vore inne i den bilen, nei. Sjåføren har vore ufatteleg heldig, seier Belsnes.
I tillegg til redningsbilen måtte dei ta i bruk ein traktor for å ikkje mista bilen utfor skrenten.
Vert kondemnert
Om det gjekk bra med sjåføren gjekk det verre med bilen. Sjølv om doningen ser rimeleg uskadd ut på biletet, er Ståle Belsnes skråsikker på at bilen ikkje vil verta reparert.
- Den vert nok kondemnert. Det eine hjulet vart rive av og det er stora skadar på bilen, seier han.
Moralen er..
Bjerke, som hadde bilen full av 13 år gamle alpinistar frå Lommedalen då han passerte dagen etter trafikkuhellet, brukte episoden til ein dose trafikkopplæring.
- Me hadde faktisk snakka med ungane om at det var viktig å køyra forsiktig på slike smale vegar, og me fekk jo eit godt døme på det, seier Bjerke til NRK Hordaland.
Siste: NRK Hordaland
Nyhetsarkiv Hordaland
- Fekk fast jobb som 74-åring
- Isbad for betre sjølvtillit
- Ni bilvrak funne i sjøen
- FrP seier ja til bompengar
- Distriktselevane slit
- Frykter nedleggelse
- Refleksaksjonen som tok helt av
- – Viktigst at pårørende takket ja
- Ruspåvirkede førere stort problem
- 3 av 10 seter solgt i Eliteserien
- Bergen vinner – Hardanger taper
- Stor skilnad på bensinprisen
- 36 år gammel mann døde i ulykke
- Hurtigrute-TV er norsk kulturarv
- Mann til sykehus etter boligbrann
- Moteduo fra Bergen fikk designpris
- – Kunne mistet synet
- Vil rehabilitere Møhlenpris skole
- Danske blir ny festspilldirektør
- Kvinne døde etter kollisjon
- Har samlet inn DNA i Os
- En person omkom i møteulykke
- Vil gi bort «fuktskadd» miljøbombe
- Trafikkulykke på Haukeli
- Fortsatt kritisk for to skadde
- Frontkolliderte i tunnel
- Snøværet skaper trafikkaos
- Bergensluften kan bli enda verre
- Båt med tre tok inn vann
- Mann og kvinne kritisk skadd
- – Frp må si nei til økte bompenger
- Til sykehus etter utforkjøring
- Evakuerte folk på grunn av brann
- Tyver sendte redningsskøyte på rek
- Lagrer kulde og varme i bakken
- Nytt damanlegg på Gullfjellet
- Sykdom og bråk i Black Sabbath
- Storma ambassadar etter granatåtak
- - FN stemmer over Syria-resolusjon
- Kutter ned på gass-leveranser
- Dømt for beføling av mindreårig
- Armstrong slepp tiltale
- Jente ranet ved Nygårdsparken
- Bompenge-krangel mellom H og Ap
- 310 kanselleringar for Hurtigruten
- 12 års fengsel for drapet på Askøy
- Ønsker liste over mobbekommuner
- Togopprør mot 80-tallsvogner
- Navn på omkomne frigitt
- Vervet 222 i protest mot SV-leder







