Hopp til innhold

Går ikkje ut med informasjon

Bergen kommune får ikkje gå ut med opplysningar om kva arbeidsforhold den antatte Lommemannen har hatt i kommunen.

Lommemannen
Foto: Overvåkningskamera/ Scanpix: Lise Åserud/ NRK-montasje (Esben A Holm)

Det er Follo politidistrikt som ber kommunen om å halda tilbake informasjonen om kva arbeid den sikta 55-åringen har hatt i Bergen kommune.

- Sidan saka har eit så stort fokus, var me innstilt på å gå ut med nokre opplysningar. Men etter at me var i kontakt med Follo politidistrikt vil me følgja den vanlege prosedyra og ikkje gå ut med informasjon i ei sak som er under etterforsking, seier informasjonssjef, Robert Rastad i Bergen kommune.

Var støttekontakt

Gjennom media har det vorte kjend at den sikta bergensaren  mellom anna skal ha jobba som støttekontakt for born.

- Me har gått igjennom data-arkiva våre for å få opplysningar, men me vil av prinsippielle årsaker ikkje gå ut med desse opplysningane, og me rettar oss sjølvsagt etter det politiet ber oss om, seier Rastad.