Hopp til innhold

Brad Pitt som Varg Veum?

Hollywood sitt store sexsymbol har fatta interesse for den bergenske krimhelten. Han ynskjer å ta ein nærare titt på«Bitre Blomster»

Brad Pitt

Hollywood-kjekkas snusar på Varg Veum

Foto: LEE CELANO / REUTERS

– Det er morosamt å sjå for seg Brad Pitt i Trond Espen Seim si rolle, seier Jonas Allen. Produsenten i Miso Film har fått ein celeber førespurnad.

Produksjonsselskapet til Hollywood-stjerna skrev mail og ba om å få tilsendt den fyrste av dei seks filmane om Varg Veum.

– Like etter at filmen hadde premiere kom mailen, fortel Allen. Dei ville gjerne sjå filmen for å vurdere om det var aktuelt med ein amerikansk versjon.

- Lagt på is

Kanskje var ikkje den rufsete bergensaren glamorøs nok for USA. Førebels er planane lagt på is.

– Vi fekk eit høfleg svar om at filmen var særs interessant, men at det var så mange slike filmar i den amerikanske marknaden at det ikkje var aktuelt.

Mannen bak krimserien, forfattar Gunnar Staalesen skulle gjerne sett Brad Pitt som Varg Veum.

Løser dialektproblem

Han peikar på at fleire andre norske produksjonar har klart seg bra når dei blir gjenskapte i amerikansk versjon.

– Det hadde vore ok å fått Brad Pitt som Varg Veum, seier han. Då ville ein i alle høve slept diskusjon om kva dialekt han skulle ha snakka.

Tysk påskekrim

Sjølv om Hollywood takka nei er det mykje internasjonal interesse for filmserien om Veum. Trass i at Bitre Blomster fekk lunken mottaking hjå norske kritikarar.

– Merksemda har vore forbausane god, seier Jonas Allen.

Trass i at dei fleste filmane nett er ferdige og ikkje har hatt premiere, har fleire land i Europa snust på serien. Italia, Frankrike og fleire land i Aust-Europa har vore i kontakt med Miso Film.

I påska blir Bitre Blomster og Tornerose vist på tysk fjernsyn. Dette trur produsentane vil ha stor tyding for Veum si framtid i den tyske marknaden.

– Vi håper tyskarane skal få lyst til å fylgje han vidare, slik at vi skaper grobotn for å vise heile serien.

Blir det ein suksess kan kanskje Veum få same kultstatus i Tyskland som Derrick har i Norge. Det har ikkje Gunnar Staalesen noko i mot.

– Eg håper i alle høve at dei tyske tv-sjåarane har glede av å sjå desse filmane og at det kanskje vil lokke dei til å lese bøkene.