Hopp til innhold

Tilfeldig spesialundervisning

Tilbudet om spesialundervisning i Hordalands-skulane er uforsvarleg og prega av tilfeldigheiter.

Det kjem fram i ein ny tilsynsrapport gjort hos fylkeskommunen.

- No må skuleadministrasjonen skjerpe seg, seier Tom Skauge i Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

Han har tidlegare gått hardt ut mot Hordaland fylkeskommune, og anklaga dei for å skremme utviklingshemma frå å søkje om spesialundervisning.

Den gongen avviste fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) kritikken, og sa Hordaland hadde eit av landets beste tilbod.

Men no slår Fylkesmannen og tilsynsleiar Hjalmar Olseth fast at Hordaland bryt lova på fleire punkt.

- Eit punkt går på saksbehandlinga, det andre går på å vurdere dei lovmessige spørsmåla, seier Olseth.

Og det er det sistnevnte, systemsvikten, som er det alvorlegaste.

I tilsynet sin rapport heiter det at fylkeskommunen ikkje har eit forsvarleg system for å følgje opp at dei som har rett på spesialundervisning, faktisk får det.

Og skuledirektør i Hordaland, Svein-Erik Fjeld, lovar at han tek rapporten alvorleg.

- Vi er allereie i gang med å rette opp i avvika, seier han.