I kveld arrangerer studentane i Bergen "Erotisk Aften" på utestaden Kvarteret. Aksjonsgruppa "Front mot salg av kjønn og kropp" har varsla aksjonar fordi stripping truleg blir ein del av programmet.
Fritt fram
Fpu meiner det er opp til kvar og ein å velje underhaldning, og varslar motaksjonar. I kveld er dei på plass utanfor Kvarteret for å markere synet sitt.
Upassande
Styremedlem i Hordaland FpU, Truls Gihlemoen, avviser at dette er ei lite klok markering etter alt som har skjedd i Frp og Fpu siste året.
- Det er rett at me har hatt ein del uheldig episodar, ja, men me står likevel for den same politikken som me alltid har gjort, seier Gihlemoen. Fpu står saman med Fridemokratane bak markeringa for retten til å strippe.