Hopp til innhold

Drapssikta klar til avhøyr

Den 27 år gamle mannen som er sikta for å ha drept Rebecca Rist, skal avhøyrast av politiet fredag. Det er første gong sidan Rist vart funnen død at 27-åringen vert avhøyrd.

Funnområdet
Foto: Grafikk: Sigurd Hamre / NRK

- Eg kan stadfesta at klienten min har sagt seg villig til å gå i nye avhøyr, seier forsvararen til 27-åringen, Eirik Nåmdal, til Bergensavisen.

Kjende seg uvel

Allereie førre fredag var det meininga at den drapssikta skulle avhøyrast, men då kjende han seg dårleg.

27-åringen har tidlegare vorte avhøyrt av politiet to gonger i saka - men begge gongane før Rebecca Rist vart funnen død 21. desember i Breistein i Åsane.

Ifølgje Bergensavisen vert politietterforskarane i saka meir og meir overtydde om at 27-åringen kvalte Rist etter at han inviterte ho heim til seg natt til 3. desember.

To spørsmål er særleg sentrale for politiet å få svar på.

  • Korleis forklarer 27-åringen at Rist vart funnen bak ein trafokiosk berre 300 meter frå bustaden hans?
  • Korleis forklarer 27-åringen at sim-kortet hans vart brukt i Rebeccas mobiltelefon nesten to døgn etter sist ho vart observert i live?