Hopp til innhold

Høgre og Frp får reint fleirtal

Ei fersk meiningsmåling viser at Høgre og Framstegspartiet kan få fleirtal i bystyret i Bergen. Populariteten til Arbeidarpartiet derimot minskar.

Meiningsmålinga for oktober er utført av Sentio AS for NRK Hordaland i tidsrommet 30.10. 2006-02.11.2006.

600 personer vart stilt følgande spørsmål:

  • Kva ville du stemt viss det var kommuneval i dag?
  • Kva stemte du ved førre kommuneval?

Framgong og tilbakegong er målt i høve til ei tilsvarande meiningsmåling som vart gjort i mai 2006.

Meiningsmåling for Bergen, oktober 2006
Foto: Grafikk: Greta Husabø

 - Folk oppfattar at vi gjer det godt

Målinga viser altså at byrådspartia sett under eitt ser ut til å få betalt for å ha vore og vere i posisjon.

Høgre i Bergen opplev ein stor opptur i dette partibarometeret. Også Frp kan notere seg for ein pen auke, om enn ikkje i same grad som Høgre. 

Likevel: Viss dette resultatet vert ståande etter valet neste år, vil dei to partia til saman danne fleirtal i bergenspolitikken utan hjelp frå nokon andre.

Byrådsleiar i mammapermisjon, Monica Mæland, er klar på kvifor dei gjer det så godt.

- Eg trur det vert oppfatta at vi har gjort det godt og at vi gjer jobben vår til beste for innbyggjarane i byen.

Fått eit regjeringstillegg 

Valforskar Bjarne Kristiansen gjev Mæland langt på veg Mæland rett. Nettopp denne bodskapen har nådd fram, meiner han.

- Eg trur nok Høgre i første rekkje har vore flinke til å få fram at dei har fått orden på økonomien i kommunen. Høgre har vel på ein måte fått eit regjeringstillegg i staden for ein regjeringsslitasje i Bergen, seier Kristiansen.

På målinga til NRK Hordaland får derimot Kristeleg Folkeparti mindre glede av styringa enn Høgre, men det blir langt på veg balansert med ein auke for Venstre. 

Mandatfordeling, meningsmåling for Bergen, okt. 2006.
Foto: Grafikk: Greta Husabø / NRK

Framgang for Framstegspartiet

Også Framstegspartiet gjer det bra på meiningsmålinga, med eit resultat som gjev dei 23,2 prosent av veljarane i byen.

Gruppeleiar Liv Røssland forklarer det høveleg gode talet på denne måten:

- Bergen treng eit sterkt Framstegsparti, Framstegspartiet er sunt for Bergen når det gjeld styring.

Valforskar Kristiansen fyller ut biletet litt.

- Viss ein ser på det siste året i Bergen, så fekk jo Frp ein tilbakegang medan dei braut byrådsamarbeidet med Høgre. Frå det nivået Frp då kom på, har partiet bygd seg opp att, og i haust har dei hatt ein markert framgang att i Bergen, seier Kristiansen, som trur Frp i Bergen no får betalt for partiet sin opptur nasjonalt.

Sjølv om Høgre og Frp kan få sjansen til å danne byråd åleine, vil Liv Røssland i Frp ha med seg Kristeleg Folkeparti.

- Det er jo klart at ville vere bra på for Frp å ha reint fleirtal med Høgre, men samstundes skal ein vere open for eit sterkt Krf i valkampen, seier Røssland.

Nedtur for Arbeidarpartiet

For Arbeidarpartiet er målinga ein nedtur. Partiet skårar dårlegare enn under nedturvalet i 2003 i Bergen og går ned over ti prosent samanlikna med ei tilsvarande meiningsmåling for mai 2006.

- Talet er sjølvsagt altfor dårleg. No er det berre ein veg, og det er oppover, seier gruppeleier i Arbeidarpartiet, Terje Ohnstad.

Mykje av nedgangen kan forklarast med Arbeiderpartiet sin nedtur på landsbasis den siste tida, meiner  Ohnstad.

- Ein del av årsaka skuldast nok sjukelønsordninga og andre uheldige ting som har skjedd etter ferien.

- Bør ikkje avskrivast

Valforskar Kristiansen åtvarar dermot mot å avskrive partiet, for nesten kvar tredje arbeiderpartiveljar som har falle frå, sit fremdeles på gjerdet og ventar.

- Denne målinga gjev nok uttrykk for at det er mellom gjerdesitjarane kampen skal stå, seier Kristiansen.

SV opplever knalltal samanlikna i oktober med førre meiningsmåling i mai. 12 prosent oppslutning er så overraskande høgt at jamvel Kristiansen vel å kalle det eit litt uforklarleg avvik.