Hopp til innhold

Vil stoppe ulovleg ulvejakt

Økokrim vil nå setje inn tiltak for å stoppe den ulovlege ulvejakta.

Ulv
Foto: Per Løchen / Scanpix

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har kome fram til at halvparten av ulvedøden i Noreg skuldast ulovleg jakt.

- Beklageleg

Leiaren for Økokrim sitt miljøteam, Hans Tore Høviskeland, seier at dei jobbar kontinuerleg for å hindre ulovleg jakt.

- Det er svært beklageleg dersom desse tala er korrekte. Ulven er utrydningstruga, og vi har internasjonale forpliktelsar for å ta vare på ulven, seier han.

Økokrim har ansvaret for etterforskinga av desse sakane, og samarbeider med dei lokale politidistrikta for å kunne ta tjuvjegarane.

Groteske metoder

Han seier at jegarane ofte brukar groteske metoder når dei jaktar ulovleg på ulv.

- Vi har sett at dei brukar giftåte, det er skadeskyting eller skyting av ulv i ynglingstida, seier Høviskeland.

Økokrim oppfordrar nå folk til å ta kontakt dersom dei veit noko om ulovleg jakt.

- Det er svært vanskeleg å oppklare slike saker, ettersom dei skjer ute i naturen, og spora kan bli skjult, seier Høviskeland.