Hopp til innhold

Seier for KIL, tap for HamKam

Kongsvinger har starta sesongen glimrande med to sigrar av to moglege. HamKam ligg i botnen med 0 poeng etter å ha tapt sin andre på rad.

Både Kongsvinger og HamKam gjekk til pause utan mål, og både på Gjemselund og Sør Arena blir det meldt om blodfattige og halvkjedelege oppgjer.

Dessverre for hedmarkingane tok det ikkje så lang tid før Start fekk det mykje omtala hôlet på byllen. Islandske Gudmundur Kristjánsson brukte berre fire minutt av andre omgang før han sende Start i leiinga.

HamKam utlikna ved Emil Dahle, men Solomon Owello og Matthias Vilhjalmsson avgjorde kampen mot slutten.

– Innsatsen var bra. Det er jamt i fyrsteomgang, og vi klarar å gjere dei frustrerte. Men vi må ta bort dei dumme, dumme feila vi gjer, seier HamKam-trenar Vegard Skogheim.

Kamma står med null poeng etter tap mot to av opprykksfavorittane, Sandefjord og Start, men Skogheim vil likevel ikkje svartmåle situasjonen.

– Vi er ikkje tilfreds med fyrsteomgangen mot Sandefjord, dei tre andre omgangane har vore bra. Vi kjem til å mange poeng framover dersom vi held fram slik.

Andre strake for KIL

Heller ikkje Kongsvinger sin kamp heime mot Tromsdalen vart noko fyrverkeri. KIL fekk ein særs god start på sesongen med bortesiger mot Hødd førre helga, men streva lenge med å få ballen i mål.

55 minutt gjekk det før Andreas Moen skåra kampens fyrste mål. Olav Tuelo Johannesen avgjorde med si 2-0-skåring på overtid.

Flere saker fra Innlandet