Hopp til innhold

Ordkrig om kodejuks held fram

Det er feil å skulde Lillehammer sjukehus for juks med koding av pasientar. Det meiner hovudtillitsvalt for overlegane ved sjukehuset.

Øyvind Bernersen skriv i eit lesarbrev i OA og GD at han er sjokkert over skuldingane som legar ved sjukehusa i Elverum, Hamar og Gjøvik har kome med.

Dei meiner at Lillehammer sjukehus systematisk har koda pasientar feil for å få meir pengar.

Bernersen seier at rutinene for koding av pasientar kan variere, og at dette kan være årsaka til usemja.

Flere saker fra Innlandet