Hopp til innhold

- Vi er klare for nytt OL

Lillehammer-ordføraren er slett ikkje framand for å slenge i vegen ein ny OL-søknad.

Avslutningssermonien under OL på Lillehammer i 1994

Jaques Rogge ynskjer å oppleve ein ny OL-fest i Noreg. Her frå avslutningsseremonien under OL på Lillehammer i 1994.

Foto: Syversen, Johnny, Johnny Syversen / SCANPIX

I går møtte IOC-president Jaques Rogge kulturminister Anniken Huitfeldt. Han hadde ein klar beskjed å kome med:

– IOC ynskjer ein ny norsk OL-søknad for meisterskapen i 2022.

Vil bli best i Europa

– Vi er klare for å ta på oss store idrettsmeisterskap. Det er både riktig og viktig for oss å vere blant søkjarane til slike arrangement, seier ordførar i Lillehammer Synnøve Brenden.

OL-byen frå 1994 kjempar allereie om å få ungdoms-OL i 2016 , men Brenden er slett ikkje framand for å ta på seg større oppgåver.

Les også: - Nei til ungdoms-OL

– Vi satsar på vintersport og skal vere den mest komplette vintersportsregionen i Europa. Samtidig har vi gode anlegg som vi vil utvikle vidare. Så det er klart at det er aktuelt for denne regionen å tenkje både OL og VM i framtida.

Vil samarbeide med Oslo

Lillehammer kjempa om å få søke OL i 2018 saman med Oslo , men idrettsstyret valte å gå for Tromsø. Lillehammer-ordførar Synnøve Brenden trur ikkje dette utelukkar eit nytt forsøk frå dei to byane.

Les: Sa nei til Tromsø 2018

– Vi synleggjorde den gongen at vi kunne vere ein søkjar. Dei to byane har stor kapasitet når dei samarbeider, så det er eit aktuelt alternativ også i framtida.

Ein av grunnane til at IOC-president Rogge vil ha eit nytt OL i Noreg er nettopp fordi arrangementet var så vellykka sist det var på Lillehammer i 1994.

– Det er ganske fantastisk at det fortsatt blir hugsa kor bra det var. Vi gjorde ein god jobb og har eit godt rykte, så vi veit at vi kan ha slike meisterskap også i framtida, seier Synnøve Brenden.