Hopp til innhold

Kombinert-komet nærmar seg OL

Truls Sønsthagen Johansen imponerte i helgas verdscup.

Truls S. Johansen

Truls Sønsthagen Johansen gjekk seg opp 36 plassar i langrennsdelen i helga, og sette personleg rekord i verdscupen med 13. plass.

Foto: Andrea Breuer (www.truls-johansen.com)

Det er kanskje ikkje alle som har høyrt om 18-åringen frå Elverum. Men etter helgas imponerande innsats i verdscupen i kombinert har han plutseleg meldt seg på i kampen om å få bli med til OL i februar.

Etter eit dårleg løp fredag sette han nemleg personleg rekord med ein 13. plass i Ramsau laurdag, etter at han gjekk seg opp heile 36 plassar i langrennet.

- Det var utruleg gøy og over all forventning. Det er sjukt moro å få vere med og reise med dei store gutta, samtidig som ein gjer framgang på resultatsida, seier han.

Truls Johansen sine nettsider

- Veldig aktuell

Magnus Moan, Petter Tande, Mikko Kokslien og Jan Schmid er bortimot sjølvskrevne på OL-laget i kombinert, men bak dei er det fleire som kjempar om å få den siste plassen på laget. Truls S. Johansen er ein av dei.

– Plasseringsmessig er han den beste av dei som konkurrerer om den femte og siste plassen. Det er ikkje å kome utanom at han er veldig aktuell, seier landslagssjef Kjetil Strandbråten til Hamar Arbeiderblad .

Junior-VM er målet

Den sindige 18-åringen let seg likevel ikkje fyre opp av desse utsegna frå sjefen.

– Det har ikkje vore i tankane mine i det heile tatt. Det er junior-VM som er målet for meg, og det har det vore gjennom heile sommaren.

- Har du noko i OL å gjere?

– Det er vanskeleg å seie, men dersom alt klaffar så er det jo ikkje voldsomt langt opp. På ein god dag er det ingenting som er umogleg, men det er jo noko heilt anna å skulle prestere på det nivået der.

Har vorte meir stabil

18-åringen studerer til dagleg ved NTG på Lillehammer, og har gjort store framskritt det siste året.

- Eg er egentleg ikkje overraska, det har gått jamnt og trutt framover. Eg har heile tida hatt gode enkeltresultat, men i år har eg kanskje vorte meir stabil enn tidlegare, seier Truls Sønsthagen Johansen.

Og dersom denne stabiliteten held fram kan 18-åringen byrje å førebu seg til å hoppe i dei olympiske bakkane i Canada i februar.