26.05.2012

- Kan ha gått ned mot sjøen

Helikopter bjørn (Foto: Tom Haakenstad/NRK)

Spesialjegarar jobbar nå med å finne den skadekøyrde bjørnen

Foto: Tom Haakenstad/NRK

Jakta på skadekøyrd bjørn held fram i Eidskog.

Det var i natt ein mann på veg heim frå fest kjørte på ein bjørn i Eidskog kommune i Hedmark.

Bjørnen vart liggjande på vegkanten eit par minutt, før den rømte til skogs.

Klokka 14 i dag starta spesialjegarar arbeidet med å finne bamsen.

- Vi har foreløpig ikkje gjort noko funn, men held fram sporinga, seier Stein Arne Brendryen i Statens naturoppsyn.

- Følg med i media

Han seier at den foreløpige sporinga tyder på at bjørnen har gått ned mot sjøen. Nå er det ein erfaren hund, ein hundeførar samt to jegarar som jaktar på bjørnen.

Han seier at dei foreløpig ikkje kan gje noko godt råd til folk som har tenkt seg på skogstur i området i helga.

- Det greiaste er nok at dei følgjer med i media eller kanskje ringjer lensmannen før dei legg ut på tur, seier Brendryen.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland