Ørsal Johansen meiner den strenge kjønnskvoteringa i Arbeidarpartiet har ført til at partiet nå har fått ein svakere kandidat på den viktige fjerdeplassen.
Dermed blir det enklare for FrP å ta andremandatet sitt. Espen Johnsen ville vore ein langt farlegare motstandar for FrP, meiner Ørsal Johansen.
FrP vil vinne
Dermed hellar Fremstegspartiformannen i Oppland bensin på bålet som ennå brenn etter
Etter nominasjonsmøta i dei to partia i helga, trur Morten Ørsal Johansen at andrekandidaten Hanne Maren Blåfjelldal nå kjem inn på Stortinget i staden for APs fjerdekandidat Stine Renate Håheim.På nominasjonsmøtet til Oppland Arbeidarparti på Gjøvik laurdag var det heilt klart ein bitter Espen Johnsen som vart pressa bort frå den viktige 4. plassen til fordel for Stine Renate Håheim.
Men nominasjonskomiteen og leiaren Audun Tron viste ingen nåde til Espen Johnsen. For Oppland Arbeidarparti skal det vera lik representasjon mellom kvinner og menn.
Ut med Johnsen
Dermed vart det Torstein Rudihagen på 1., Rigmor Aasrud på 2., Tore Hagebakken på 3. og Stine Renate Håheim på 4.plass. Espen Johnsen hamna på 5. og med det også ut av Stortinget etter berre ein periode.