Hopp til innhold

Julafylla er i gang

Politiet i Hedmark hadde hendene fulle natt til andre juledag.

Tradisjonen tru samlar jula mykje festglade folk rundt om på utestader og festlokale. I natt fekk politiet dei fyrste signala om at den store festhøgtida er i gang.

Fleire stader var det slagsmål, krangling og feststøy i løpet av natta.

- Omtrent som forvent

Både i Kongsvinger, Brumunddal, Trysil og Moelv har det i løpet av natta vore fylleslåssing, utan at det fekk dei heilt alvorlege konsekvensane.

I Grue gjekk ein mann til åtak på og slo ei vakt på ein utestad. Politiet vart tilkalla, og mannen vil truleg bli anmeldt etter hendinga.

Ved politiets operasjonssentral på Hamar seier dei at dei har merka at julefeiringa er i gang for fullt, og at kvelden og natta har vore omtrent som dei hadde forventa på forhånd.

Roleg i Oppland

Opplandspolitiet gjev uttrykk for at dei har hatt ei langt rolegare natt enn sine kollegaer i Hedmark. I Gjøvik vart ein mann pågripen etter at han hadde vore på eit innbrotsraid i byen, og hadde mellom anna stole ein bil.

Det blir også meldt om ein mindre pipebrann i Vestoppland, utan at dette fekk store konsekvensar.

Politiet i Gudbrandsdal politidistrikt melder at det har vore ei svært roleg natt, og at dei få hendingane dei har fått melding om stort sett kunne løysast over telefon.