Hopp til innhold

Private reddar barnevernet

Talet på barnevernssaker aukar, og mange kommuner er avhengige av private for å løyse sine oppgåver.

barnevern

Barnevernet får stadig fleire saker å jobbe med.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Lars Håvard Fengsrud har dreve firmaet familiehjelp.no sidan 1999. Ein av tenestene hans er å avlaste barnevernet i fleire kommuner som druknar i saker.

- Det handlar fyrst og fremst om at dei ikkje har kapasitet til å følgje opp dei sakene som dei jobbar med, seier han.

Og både han og dei kommunale barnevernstenestene får stadig meir å gjere.

I 2007 nådde fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Hedmark og Oppland eit toppår. Det stoppar ikkje med det, for hittil i år har talet på saker auka med 30 prosent.

Oppsøkjer familiar

Familieterapeuten Fengsrud driv annleis enn den vanlege barnevernstenesta. Han legg større vekt å reise ut til familiar som treng hjelp. Han meiner at dette er den mest effektive måten å arbeide på.

Målet er å jobbe forebyggjande med både barn og familiar som treng hjelp og støtte i ulike vanskar.

- Dei som ynskjer at vi skal kome er alltid positive. Det er fleire som innrømmer at dei treng hjelp, og dei er glade for at vi kjem.

Han ser at det aukande arbeidspresset fører til at fleire oppgåver blir overført til det private.

- Dei har for få ressursar til å få løyst dei sakene dei er pålagt å løyse. Det fører til sjukemeldingar og at saker som skulle ha vore jobba med blir lagt bort.

- Heilt avhengige av dei

Lena Peisberget

Barnevernsleiar i Åsnes kommune, Lena Peisberget, innrømmer at dei er heilt avhengige av private aktørar for å løyse sine lovpåalgte oppgåver.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Barnevernsleiar i Åsnes kommune, Lena Peistorpet, innrømmer at dei ikkje hadde klart seg utan private tenester.

- Dersom vi ikkje hadde brukt dei ville det gått utover både barna og dei oppgåvene vi er pålagt å løyse.

Barnevernstenestene i Åsnes, Grue og Våler skal nå slå seg saman for å stå betre rusta til den stadig aukande saksmengda. Nå vurderer dei om dei skal fortsetje å bruke private tenester for å løyse sine oppgåver.

- Så lenge det blir vurdert at denne auken i saker er midlertidig så vil vi nok fortsetje å bruke dei private. Da slepp vi å tilsetje folk som vi kanskje ikkje har bruk for seinare. Og ettersom vi skal bli interkommunale er vi foreløpig forsiktige med å tilsetje nye, ettersom vi ikkje veit korleis det blir, seier Peistorpet.

- Vi er heilt avhengige av dei private slik situasjonen er nå, seier Lena Peisberget.