Hopp til innhold

Leigde privatfly då DAT svikta

Ihuga Liverpool-supporter nekta å innfinne seg med at The Betales ikkje nådde konserten - leigde difor privatfly.

The Betales

The Betales blir likevel å sjå på scena i Florø i kveld.

Foto: Jonas Langbråten

Laurdag ettermiddag fekk arrangørane av FotballFlora ei melding om at tribute-gruppa ikkje kunne komme likevel. Gruppa var den siste som skulle på scena i kveld, etter The Commitmens og The Black Sheeps.

Byrja nesten å grine

DAT-flyet dei skulle reise med frå Gardermoen hadde tekniske problem og turen vart kansellert. Mange av passasjerane vart difor køyrde til kystbyen i maxitaxi, men for The Betales var ikkje det noko alternativ.

– Vi ville ikkje vere framme før i tre-fire-tida i natt, seier Tor Henning Olsen som er gitarist og vokalist.

Han fortel at bandmedlemmane var lei seg då det såg ut til at turen gjekk i vasken.

– Vi byrja nesten å grine. FotballFlora er eit årvisst høgdepunkt og det er stor stas å møte Liverpool-fansen der.

– Ingen FotballFlora utan dei

Men alt ordna seg. Dei fekk tak i eit privatfly og Tage Herstad som er ein av arrangørane, har teke på seg utgiftene, seier festivalsjef Per Øyvind Helle.

– Vi hadde gjort om på planane og fått inn to trubadurar i staden for The Betales. Men Tage, som er ihuga Liverpool-fan, kunne ikkje godta at gruppa ikkje kom. Han sa at det ikkje blei FotballFlora utan nettopp dei. Dermed stilte han og nokre kompisar opp som garantistar, fortel han.

Dermed pungar dei ut 20 00 -30 000 kroner for å få gruppa fram tidsnok.

– The Betales er ein tradisjon her i Florø og no håper vi på mykje folk i kveld.