Hopp til innhold

Høgre halar innpå Frp

Høgre går fram med 2,6, medan Frp går tilbake 1,6 prosentpoeng i desembermålinga som Norstat har gjort for NRK. Forskingsleiar Bernt Aardal trur finanskrisa er årsaka.

Erna Solberg og Siv Jensen (t.v.)
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Høgre får ei oppslutning på 17,1 prosent av dei spurde. Frp er no nede i 25,9 prosent. For dei andre partia er det berre mindre endringar.

Målinga er gjort i desember og samanlikna med tilsvarande måling gjort i november.

Mandatutrekninga viser at regjeringa med Ap, SV og Sp ville fått 76 mandat om det hadde vore Stortingsval. Opposisjonen med Frp, H, KrF og V ville fått 93.

Partibarometer, desember

KILDE: Norstat

Foto: NRK Grafisk

Sidan august har Frp gått tilbake med heile seks prosentpoeng.

Forskningsleiar Bernt Aardal ved Institutt for samfunnsforskning trur nedgangen har samanheng med finanskrisa:

Bernt Aardal, valgforsker

Forskingsleiar Bernt Aardal

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

- Det har vore ein markert nedgang, og det er nok nærliggjande å knyte dette til finanskrisa, for dette har ført til at Frp har kome i bakgrunnen. Det er regjeringspartia som har fått rå grunnen. Og gjennom den aktiviteten dei har, har det iallfall til no sett ut som dei har tent på det i oppslutning, seier Aardal.

Tek nedgangen med ro

Frp-formann Siv Jensen tek nedgangen i haust med stor ro. Ho er oppteken av at det framleis er eit stort ikkje-sosialistisk fleirtal på Stortinget.

- Det smertar ikkje Frp om Høgre blir større, for å seie det slik. Det viktige er at vi får eit sterkt ikkje-sosialistisk fleirtal, seier ho.

LES: Erna slår Siv i Høyre-måling

- Endeleg betalt

Høgre-leiar Erna Solberg tek målinga som eit teikn på at partiet endeleg får betalt for haldninga si under finanskrisa:

- Eg trur vi får betalt for at vi har vist Høgre-politikk gjennom heile denne finanskrisa. Vi skal ha aktive politikarar for å bekjempe arbeidsløyse og gje tryggleik for folks hus og heim.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger