Hopp til innhold

Dødstala i trafikken går feil veg igjen

140 menneske miste livet i trafikken dei ni første månadene i år. Det er 27 fleire enn i same perioden i fjor, men ifølgje ekspertane er det for tidleg å seie noko om årsaka til auken.

Dødsulykke ved Stalheimstunnelen

Dødstala i trafikken frå januar til september er høgare enn i same perioden i fjor. Her frå ulukka ved Stalheimstunnelen i Hordaland i september.

Foto: Arne Hofseth

Talet på omkomne i trafikken steig kraftig i dei tre sommarmånadene juni, juli og august i forhold til i fjor. Denne auken heldt fram også i september. Fram til mai var det faktisk færre omkomne i trafikken i år enn i fjor, medan det sidan mai har vore ein auke kvar månad.

August og september er dei to månadene med kraftigast auke i forhold til i fjor. I september omkom 20 menneske i trafikken, mot 12 same månaden i fjor. I august omkom 25 menneske, mot 14 i august i fjor.

LES OGSÅ: – Nye bilar og låg fartsgrense gir færre dødsulukker

Møteulukker og utforkøyringar

Guro Ranes, avdleingsdirektør i Statens vegvesen.

Guro Ranes er avdelingsdirektør i Trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen.

Foto: Knut Opeide

Totalt omkom 65 menneske i trafikken i løpet av dei tre sommarmånadene juni, juli og august, ein auke på 26 frå same periode i fjor. Auken har vore størst når det gjeld møteulukker og utforkøyringar. Det var dobbelt så mange møteulukker sommaren 2013 som sommaren 2012. For utforkøyringar er tala 25 omkomne i 2013 og 19 i 2012

– Vi har registrert den kraftige auken, men det er for tidleg å seie noko sikkert om årsaka. Vi gjennomfører djupanalysar av alle dødsulukkene her i landet, men vi kan ikkje trekkje nokon konklusjon enno, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen .

Kraftig auke i Midt-Noreg

Ranes legg likevel til at tala for 2012 var svært låge, og at det er for tidleg å slå fast at trenden er i ferd med å snu eller om det er normale variasjonar.

– Det var ikkje fleire dødsulukker på Austlandet denne sommaren. Dei tala er som i fjor. I Midt-Noreg derimot er det ein betydeleg auke. Det er inga openberr forklaring på dette, seier Guro Ranes til NRK.no.

Sommarvêret var fint og utfarten stor både på Austlandet og i regionane i Midt-Noreg.

Guro Ranes kan fortelje at alle dei nordiske landa har hatt auke i talet på dødsulukker denne sommaren.

Håper å finne svar

Kombinasjonen fint vêr og ferie gir vanlegvis meir trafikk og fleire ulukker. Dette har vore ein trend i mange år. Men kvifor slår det til for fullt i Midt-Noreg, men ikkje på Austlandet?

Dette er spørsmål som Guro Ranes og avdelinga hennar i States vegvesen håpar å få svar på når dei har fått analysert alle ulukkene ferdig i meir detalj. Ho kan fortelje at det er fleire ting med statistikken som er vanskeleg å få svar på.

Ser ein på ulukkesstatistikken for motorsyklar i perioden januar til og med september, viser tala at det var 21 dødsulukker med motorsykkel, medan talet var 14 i fjor. Altså ein relativt kraftig auke.

Motorsykkelulukker

Direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen.

Jan Johansen er nytilsett direktør i Trygg Trafikk.

Foto: Trygg Trafikk

Ser ein derimot på statistikken for dei tre sommarmånadene separat er det ikkje fleire dødsulukker med motorsyklar i år enn i fjor. Og det er i sommarmånadene at folk brukar motorsyklane sine mest.

Nytilsett direktør i Trygg Trafikk , Jan Johansen, har også merkt seg auken i talet på menneske som har mist livet i trafikken i år i samanlikna med i fjor. Han meiner at tala gir grunn til uro, men minner om at vi framleis har færre omkomne enn det som har vore snittet dei siste fem åra.

Johansen trur at ei årsak kan vere at det i år var den beste sommaren på lange. Folk køyrer lenger turar enn normalt, det er fleire køyretøy på vegen og mange køyrer lange økter utan kvile.

Nullvisjonen

– Vi skal jobbe mot nullvisjonen med null omkomne og null hardt skadde i trafikken. Dei ferske tala gjer at vi må jobbe endå hardare, vere endå meir fokuserte for å få til dette, seier Jan Johansen.

Noreg har det lågast talet omkomne i trafikken pr. 100.000 enn noko anna land det er naturleg å samanlikne seg med. Likevel er det for mange, seier han.

– Dødsulukke fører til umenneskeleg liding og sorg. Samstundes gir det store kostnader frå samfunnet. Det er mykje den kvar enkelte bilist kan gjere for gjere trafikken tryggare, seier han.

– Hald fartsgrensa

Johansen viser til at 40 prosent av dei omkomne i trafikken ikkje brukte bilbelte. Mange av desse ville truleg ha overlevd om dei gjort det.

Han oppmodar alle om å halde fartsgrensa, og om elles å tilpasse farta etter forholda.

Trygg Trafikk-leiaren åtvarar også mot lange økter bak rattet utan kvile.

Jan Johansen har også merka seg ein kraftig auke i talet på dødsulukker med motorsykkel i år, men kan ikkje gi noko forklaring på kvifor det er slik.

Det er også ei kjensgjerning at ruskøyring er eit like stort problem som tidlegare år. Fleire tusen førarar av motorkøyretøy køyrer kvar dag rundt påverka av alkohol eller andre substansar.

LES OGSÅ: Vart lam på grunn av ein SMS

LES OGSÅ: UP tek stadig fleire farlege unge menn

LES OGSÅ: - Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

AKTUELT NÅ