NRK Meny
Normal

UP tek stadig fleire farlege unge menn

Unge menn i alderen 18 til 25 år utgjer den største tryggingsrisikoen på norske vegar. Utrykningspolitiet tek stadig fleire av syndarane i trafikken, og endå fleire skal det bli i 2013.

Utrykningspolitiet i aksjon.

Utrykningspolitiet samarbeider breitt med dei ulike politidistrikta.

Foto: UP

Tala på omkomne og hardt skadde i trafikken går ned år for år. 148 menneske omkom i trafikkulukker her i landet i 2012. Dette er det lågaste talet sidan 1950. I 2011 omkom 168 menneske på vegane, i 2010 208, i 2009 212 og i 2008 255.

Trenden for dei tre første månadene av 2013 er med på forsterke denne trenden.

– Betre vegar ikkje nok

Sjef i utrykningspolitiet Runar Karlsen

UP-sjef Runar Karlsen meiner at UPs innsats er ei viktig årsak til at talet på omkomne i trafikken går ned.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– Den positive utviklinga med færre omkomne og hardt skadde i trafikken er resultatet av politiet sin innsats og at vi får stadig betre vegar, seier UP-sjef Runar Karlsen til NRK.no. Han er klar på at betre vegar ikkje er nok til å få ned talet på trafikkulukker.

– Førarfeil er årsaka til dei aller fleste trafikkulukkene. Og då ligg ikkje løysinga i berre å byggje sikrare vegar og tryggare køyretøy, seier UP-sjefen.

I dag la Runar Karlsen fram Utrykningspolitiet si oppsummering for 2012, « UP på vei 2012 ».

– Vår innsats og kontrollstrategi er eit viktig bidrag til den positive utviklinga. Politi og påtalemakt har ei viktig rolle i den totale samfunnsinnsatsen det er å redusere talet på drepne og hardt skadde på norske vegar, seier han.

UP har fått stadig betre utstyr, og stadig fleire trafikksyndarar blir tekne. I tillegg har UP blitt ein viktig del av politiet sin samla innsats for å stanse også andre typar lovbrytarar.

UP på Facebook

Runar Karlsen rosar samarbeidet mellom Kripos og politidistrikta. God og tilgjengeleg etterretningsinformasjon i patruljebilane er ein viktig faktor, og online-løysingar er eit satsingsområdet, fortel han.

For å nå fram til den største risikogruppa, dei unge mennene mellom 18 og 25 år, har UP blitt aktive på Internett, først og fremst via Facebook. UP-sjefen er godt nøgd med at nesten 45.000 følgjer UP si side på det sosiale forumet, og at så mange som 100.000 har vore innom sidene.

Fartskontroll

Lasermålarar blir brukte i fartskontrollar over heile landet.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

Det har vore over 40.000 tilbakemeldingar frå brukarane på desse sidene. I tillegg legg UP videoar ut på Youtube og bilete på Flickr.

– Facebook har vorte ein viktig måte å kommunisere med ungdomsgruppene, og sjølv om effekten er vanskeleg å måle, har vi positive erfaringar med bruken, seier han.

Farleg mobilbruk

Fokuset framover blir framleis å luke ut bilførarar med farleg framferd. Ved sidan av fart og rus er bruk av mobiltelefon også ein farleg faktor, som UP vil prioritere. Rundt 55.000 vart tekne for mobilbruk i fjor, og det talet har vore stabilt dei siste åra.

LES OGSÅ: Vart lam på grunn av ein SMS

8714 menneske vart skadde i trafikkulukker i 2012, og av desse vart 639 hardt skadde. Dei tilsvarande tala for 2011 var 8363 skadde, og av desse 679 hardt skadde.

Statens Institutt for Folkehelsa har rekna ut at rundt 130.000 nordmenn køyrer bil i rusa tilstand kvar dag her i landet. 30.000 av desse er rusa på alkohol, medan 100.000 er rusa på ulike typar narkotika og medisinar. Rus er medverkande til rundt 20 prosent av dødsulukkene, medan høg fart utgjer 50 prosent.

Toppen nådd i 1967

Talet på omkomne og hardt skadde i trafikken har stort sett gått jamt nedover sidan toppåret 1967. Då miste 560 menneske livet i trafikken, medan 4219 vart hardt skadde.

UP-kontroll

Utrykningspolitiet sine kontrollar blir stadig meir effektive.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

70 prosent av dei drepne og hardt skadde i trafikken i 2012 var menn. Det er dei unge mellom 18 og 24 år som dominerer ulukkesstatistikken, trass i at det har vore ein stor nedgang i ulukkestala også for denne gruppa dei siste åra.

19 prosent av dei drepne og hardt skadde i 2012 var mellom 18 og 25 år.

UP-sjef Runar Karlsen med det nye bevisinstrumentet mot fyllekjøring.

UP-sjef Runar Karlsen med den siste nyvinninga for å ta fyllekøyrarar.

Foto: Utrykningspolitiet

Høg fart var ein medverkande faktor i 47 prosent av dødsulukkene, medan rus var medverkande i 33 prosent. I mange tilfelle var det ein kombinasjon mellom fart og rus. Likevel har talet på ulukker der fart er årsak på veg nedover, fortel Karlsen.

LES OGSÅ: - Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

Manglande bilbelte

– 45 prosent av dei som miste livet i trafikken i åra 2005 til 2011 brukte ikkje bilbelte. Dette er høge tal når vi veit at nesten 95 prosent av oss brukar bilbelte når vi køyrer bil, seier UP-sjefen.

Det viser seg at gjennomsnittsfarta går ned på norske vegar, men likevel går nesten halvparten av all trafikk her i landet over fartsgrensa.

Det var ein kraftig auka i fartsbøter i 2011, og denne auken held fram i 2012. Talet på reaksjonar kom opp i 84.947, fire prosent meir enn i 2011. UP-sjefen trur dette kjem av god utnytting av fartsmålarutstyret. Lasermålar er no tilgjengeleg på nesten alle kontrollar.

UP gjorde beslag i 5051 førarkort i 2012, og dette er ni prosent fleire enn i 2011.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger