NRK Meny
Normal

– Nye bilar og låg fartsgrense gir færre dødsulukker

– Vi veit kva som skal til for å få ned talet på dødsulukker. Å få nye og sikrare bilar på vegane er eitt av tiltaka som verkar, seier trafikkforskaren Rune Elvik

Utrykningspolitiet i aksjon.

Fleire trafikkontrollar er viktig for å få ned talet på alvorlege ulukker i trafikken.

Foto: UP

Det har i år vore ein kraftig auke i talet på omkomne i trafikken i forhold til i fjor.

Elvik er forskingsleiar ved avdelinga for trafikktryggleik og risiko ved Transportøkonomisk institutt . Han kan fortelje at forsking har vist at den fornyinga vi har hatt av bilparken her i landet dei siste åra, har vore ei viktig årsak til at talet på dødsulukker har gått ned.

Forskningsleder Rune Elvik i Transportøkonomisk institutt.

Rune Elvik er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt. Han vil ha fleire kontrollar, midtdelarar og lågare fartsgrenser.

Foto: Svein Erik Dahl/Samfoto

I tillegg peikar han på politikontrollar og anna overvaking av trafikken. Dei siste åra har fleire vegstrekningar fått gjennomsnittsmålingar, der køyretøyet blir fotografert to gonger for å slå fast snittfarta. Dette har redusert farta på desse strekningane betydeleg, og dermed også ulukkesrisikoen.

Midtdelarar mot møteulukker

– Vi ser klart at dette har hatt ein positiv verknad på ulukkestalet på desse strekningane. Vi meiner dette er noko som må byggjast ut vidare, og det skal bli spennande å sjå kva den nye samferdsleministeren vil gjere på dette området, seier Rune Elvik.

Eit tredje punkt forskinga har vist er at midtdelarar gir resultat mot møteulukker. Dette er eit viktig tiltak på vegar som ikkje har motorvegstandar, meiner trafikkforskaren.

I tillegg kjem tiltak som skikkelege veglys, utbygging av rundkøyringar og nye rekkverk.

Sikre rundkøyringar

Rundkjøring øst Natvall

Rundkøyringar har fått ned talet på alvorlege ulukker i trafikken, viser forsking.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Dette med at rundkøyringar er med på å få ned ulukkestalet kan kanskje verke litt rart. Ei undersøking for nokre år sidan viste nemleg at det i mange rundkøyringar var fleire ulukker enn før omlegginga frå eit vanleg kryss.

– Rundkøyringar har gjort at det i slike kryss har blitt klart mindre dødsulukker og ulukker med alvorleg personskadar. Det har ikkje vorte mindre materielle skadar, men prioriteten er å få bukt med dødsulukkene og ulukkene med alvorleg personskade, seier Elvik.

Forskingsleiaren har inntrykk av at det er færre politikontrollar no enn tidlegare. Utrykkingspolitiet har like mange kontrollar som før, men dei lokale politidistrikta har hatt færre.

– Kontrollar aukar tryggleiken

UP på lur

Fartsmåling er viktig for å få ned farta. Lågare fart gir færre alvorlege ulukker.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

– Kontrollar aukar tryggleiken i trafikken. Eit alternativ er å styrkje UP med fleire tilsette, slik at dei kan gjennomføre fleire trafikkontrollar, meiner Elvik.

Når det gjeld vegrekkverk er det viktig med vedlikehald og utskifting. Dette er eit tiltak som kan hindre utforkøyringar.

Eit tiltak som har vist seg å få ned talet på fotgjengarulukker er sikrare kryssingsfelt. Her er ei fartsgrense på 30 kilometer i timen og opphøgde gangfelt.

Transportøkonomisk institutt har for tida rundt 40 forskingsprosjekt gåande. Dei fleste er tinga av Statens vegvesen og Samferdsledepartementet, men instituttet leverer også rapportar til Forskingsrådet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger