MÅ HJELPE: Aldri før har så mange teke kontakt med hjelpeorganisasjonane for å kunne få hjelpe med Syria-flyktningane.
Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp
Dei enomre flyktningemassane som no beveger seg gjennom Europa får pengane til å strømme inn til hjelpeorganisasjonane. Hjelpeorganisasjonane opplever telefonrush, gjevarglede langt ut over det som er vanleg og folk som ber om å få hjelpe.
På eit døgn har aksjonen til Sviggum fått inn over 700.000 kroner, og pengane held fram med å kome inn.
– Dette har spreidd seg til å nå langt ut over vårt firma og mange gjer ein stor innsats for å få opp gjevargleda og engasjementet, seier han.
Målet er å nå ein million kroner i løpet av nokre dagar.
– Vi har stor tru på at det totalbeløpet vil halde fram med å vekse i dagane som kjem, seier han.
– Vi gjev ei dagsløn kvar, og ber alle andre ordførarar og varaordførar til å gjere det same, seier varaordførar i Larvik, Hallstein Bast (V).
Midt i valkampen kastar dei partiprogram, diskusjonar og alt anna til side for å hjelpe.
– Politikken er klart lagt til side. Og det som er moro er jo at også tidlegare ordførarar, og dei som stiller til val som ordførarar har kasta seg på. Kor mange som er med no anar eg ikkje. Men målet er at alle skal delta, seier Bast.
I tillegg til konkrete pengeinnsamlingar, er det også stor diskusjon og stort engasjement politisk.
TRENG ALT: Åsne Havnelid i Røde Kors seier dei treng alle midlane dei kan få.
Foto: SALTBONES; Olav A./Røde Kors, SALTBONES, Olav A./Røde Kors
Røde Kors oppretta på slutten av veka ein mellombels flyktningleir på grensa mellom Ungarn og Austerrike.
– Og det kostar. Vi treng alle midlane vi kan få for å klare å hjelpe dei som treng det, seier generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid.
– Vi har folk som melder seg inn i organisasjonen, som ringer og tryglar om få hjelpe, og vi har ikkje drive aktiv reklame for det. Engasjementet vi ser er imponerande og ektefølt, seier kommunikasjonssjef i Norsk Folkehjelp, Håkon Ødegaard.