Hopp til innhold

Knausgård på solsida

«Om høsten» er forma som brev til ei ufødd dotter. Boka vil neppe fungere som manual for nyfødde barn, men dei inngåande forklaringane av svært kjente fenomen kan friske opp blikket til oss som har vore her ei stund.

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård har planar om fire bøker av same slag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Dei som har kjempa seg gjennom heile eller deler av verket «Min kamp» vil vite at Knausgårds litterære alter ego kjempa ein hard kamp både med indre demonar og med familien som kravde tida hans og stal konsentrasjonen når han mest av alt ville skrive. Kunstnaren var fanga i eit bur av kvardagslege plikter; alle dei små trivielle tinga øydela for det eine, store.

I denne boka er tonen ein heilt annan, her er prosjektet å vise at livet kan vere godt og at det er ufatteleg mykje å glede seg over i stort og ikkje minst i smått. Vi møter ein forsont forteljar som gler seg over barna sine og som finn det meiningsfullt å vedlikehalde hus og hage. Kan det bli god litteratur av slikt?

Tyggegummi og daguerreotypiar

Det kan det, og det har det delvis blitt. Boka er bygd opp av tre brev som vender seg direkte til den enno ufødde dottera der han presenterer familien og, ja, livet. Resten av boka er små tekster som forklarer mindre einskildting av svært ulike slag, som tenner, tyggegummi, fluger og oppkast, det vil seie fenomen eit barn vil bli kjent med relativt tidleg. Men her finst også tekstar om saker som er mest interessante for vaksengruppa, så som daguerreotypiar, oralsex og Flauberts «Madame Bovary». Så har også boka har eit uttalt dobbelt siktemål:

Jeg vil vise deg verden slik den er, rett rundt oss, hele tiden. Bare ved å gjøre det kan jeg selv få øye på den.

Hva er det som gjør livet verdt å leve?

Ingen barn stiller det spørsmålet. For barn er livet selvsagt.

Utdrag fra «Om høsten»

For den som har lese «Min kamp» vil kanskje den siste setninga i sitatet minne om den aller første setninga i verket: «For hjertet er livet enkelt». Slike enkle gleder for kjennarar skal ein ikkje kimse av, men eg nemner det for å illustrere at trass i at denne boka har eit heilt anna format og ei heilt anna innretning enn tidlegare bøker, så finst det ein kontinuitet.

Knausgårdske vendingar

Den er delvis språkleg. Den kan også kome til syne som utvidande perspektiv i tingstudiane, der spenningar mellom natur og kultur, eller mellom det avskyelege og det fascinerande kan bli sett i spel. Og det kjem til syne i dei nitide skildringane, ikkje minst av natur og kunst. Far, som var nidkjær og lunefull som den gamaltestamentlege Jahve i «Min kamp», får her kome til orde gjennom eigne dagboknotat der han skildrar si store einsemd, ei einsemd forteljaren delvis kjenner att i seg sjølv der han går rundt i sitt vesle rike i fars gummistøvlar.

Dei små tingtekstane er av sterkt varierande kvalitet. Forsøket på å underleggjere ei doskål, fingrar eller piper utvidar ikkje mitt bilde av fenomena i særleg grad, og eg sit at med ei kjensle av at det ikkje er så mykje som står på spel, at det ikkje er så viktig. Språkleg er det også ujamnt. Det kan verke som om den elles ordrike forfattaren er fattig på synonym som skal skildre dei lyse sidene ved livet, og vide, generelle ord som «glede», «godt» og «fint» dominerer meir enn ja- godt er.

Froskeperspektiv

Men innimellom relativt bagatellmessige tekstar finst det små, lysande avsnitt der nærveret til tingen slår mot ein. Når detaljane får tilbake fargar og nyansar, når tinga får skine og vise seg fram, skjer det noko. Når teksten hevar seg frå hyperrealismen og opp i dei store perspektiva i tekstar som «Rammer» eller «Frosker» oppstår i glimt den typisk knausgårdske effekten der den vesle tingen overskrid sine eigne grenser og blir ein veg inn til grubling over dei store spørsmåla.

Når alt dette er sagt, må eg leggje til at det er litt overraskande at dette skal vere den første av heile fire bøker av same slag. Eg kan ikkje skjøne at eg treng tre til, men ok, eg er villig til å la meg overtyde, når «Om vinteren» kjem.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska