Hopp til innhold

Aksel Hennie blir nordsjødykkar

Aksel Hennie dykkar ned på 400 meter for å førebu seg på rolla i thrilleren «Pioner». NRK var med på filmførebuingane.

Aksel Hennie dykkar i "Pioner"

Aksel Hennie dykkar i 'Pioner'

Aksel Hennie får instruksar og rettleiing frå profesjonelle dykkarar når han førebur seg på rolla som nordsjødykkar på 1970-talet.

Han har hovudrolla i filmen «Pioner», der ein dykkar oppdagar mørke løyndomar i det gryande norske oljeeventyret. Lenge før innspeling har førebuingane starta.

– For å kunne spele dykkar, må ein kunne dykke. Så no skal vi inn i dette trykk-kammeret her og trykket blir sett til ti meter. Så skal vi ned og dykke, forklarar han til NRK, som har vore med på førebuingane.

Sjå video over.

Eg er veldig spent og interessert, eg elskar jo ting som dette her. Det er veldig gøy, seier skodespelaren.

Aksel Hennie

Aksel Hennie er nominert til Amandapris i år. No gjer han førebuingar til filmen 'Pioner'.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Grundig Hennie

Handlinga i filmen tar utgangspunkt i norsk oljehistorie.

– Filmen er ikkje eit historisk dokument, i så måte. Det er ein sjangerfilm, ein thrillerfilm. Det skal vere sinnsjukt gøy å sjå den når du går på kino. Men det å bli kjent med historia, ta utgangspunkt i den og lære av noko som er så nært, er utruleg spanande, forklarar Hennie.

– Akkurat i denne filmen, så trur eg ikkje ein kan få nok research. Dykking er ein vitskap, seier skodespelaren, som er kjent for sine grundige førebuingar.

Til rolla som Max Manus gjennomførte han mellom anna lange samtalar med Tikken Manus, og las seg opp på historia. Han er i år nominert til Amanda-pris for beste mannlege hovudrolle i «Hodejegerne».

LES: «Alle» elsker Aksel Hennie

(Artikkelen held fram under biletet)

Aksel Hennie

Her er Aksel Hennie nede i trykkammeret saman med ein dykkar.

Foto: NRK

– Kunne vore fortalt internasjonalt

Den siste tida har det gått rykter om at Hennie er aktuell i ein komande «Die Hard 5»-film, etter at bransjenettstaden IMDB meldte det. Det vil ikkje skodespelaren bekrefte.

– Eg konsentrerer meg om historier. Dette er definitivt ei historie som kunne vore fortalt internasjonalt. Så lenge eg får fortelle gode, kule historier, for eit publikum som er interessert i det, så er eg «happy».

– Akkurat no er det dette som gjeld, eg tenkjer aldri på noko anna enn det eg held på med, og det trur eg at eg kjem veldig langt med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aksel Hennie

Hennie får instruksjonar om korleis han skal dykke. Alt for å sette seg inn i hovudrolla i 'Pioner'.

Foto: NRK

Nede på 400 meter

Korleis filmcrewet skal få til å spele inn scenene under vatn veit dei ikkje enno. Det er ei ny problemstilling for filmregissør Erik Skjoldbærg, kjent for storfilmar som «Nokas», «Prozac Nation» og «Insomnia».

– 80 prosent av filmen går føre seg på land, som ein vanleg film. Men så er det 20 prosent som foregår nede på 400 meter, seier han.

– For å få til det, så kan ikkje vi dra ned dit. Det blir både for dyrt og vanskeleg å gjere. No forskar vi på moglegheiter for korleis vi skal klare å filme dette. Skal vi gjere det i store basseng, skal vi gjere det ute i havet?

Spør regissøren som er kjent for sine svært realistiske filmar. Med Nokas-filmen framstilte han Stavanger-ranet frå 2004.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aksel Hennie i "Pioner"

Her forsvinn Hennie ned i djupet.

Foto: NRK

«Noregs månelanding»

«Pioner» blir skildra som ein konspirasjonsthriller frå starten av oljeeventyret.

«Noregs sjølvbilete veks i kampen om å sikre våre verdiar. Nordsjødykkar Peder er besatt av tanken på å nå botnen av Norskehavet. Han og broren Knut har den disiplin, styrke og eventyrlyst som skal til i verdas desidert farlegaste yrke. Eit forsøksdykk til over 500 meter blir samanlikna med Noregs månelanding, og skal overbevise skeptikarane om at ei rørledning inn til Norskekysten kan leggjast,» står det om filmen på Filmweb.

Hausten 2013 kjem filmen på kino.

LES OGSÅ: «Hodejegerne» -regissør lager Hollywood-thriller

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober