Hopp til innhold

Dommedag skal trekkje fleire turistar til Mexico

Meksikanske myndigheiter vil gjere dommedag om til ein turistattraksjon. Endedatoen for mayakalendaren i 2012 skal få 52 millionar turistar til landet.

Filmen 2012 fly

Slik kan dommedag i 2012 kome til å sjå ut -i alle fall ifølgje Hollywood-filmen '2012'. Mexico vil bruke endedatoen for mayakalendaren til noko positivt, nemleg å skaffe turistar.

Foto: Filmweb

Calderon

Mexicos president Felipe Calderón vil ha fleire turistar til landet. No set han i gong ei stor kampanje, basert på endetida til mayaene.

Foto: YURI CORTEZ / Afp

21. desember 2012 er frykta av mange. Det er datoen då kalendaren til mayaene, eit urfolk i Mexico, endar. Filmen ved namn «2012» viser korleis scenarioet kan bli: Brennande fjell, styrtande fly, tsunamiar og meteorittar i eit stort kaos.

Les: Filmpolitiet om «2012»

Det er ikkje berre Hollywood som vil tene seg rike på dommedag. No lanserer meksikanske myndigheiter ei stor turistkampanje med utgangspunkt i denne dommedagen.

Les: Naturlig at vi tenker på dommedag

Vil lage tidenes folkefest

Det ambisiøse prosjektet skal redde turistnæringa i landet og målet er å trekkje 52 millionar turistar i løpet av dei 18 månadane før endedatoen.

Meksikanarane ser ei unik moglegheit til å lage tidenes folkefest.

– Ei heil verd skal få oppdage magien til mayaene. Verda ser mot mayaene og det bør vi utnytte, sa president i Mexico, Felipe Calderón, på ei pressekonferanse der han presenterte prosjektet «Mundo maya».

Sjå promovideoen frå meksikanske myndigheiter:

Det vil bli arrangert internasjonale utstillingar, festivalar og konferansar. Arkeologiske områder skal bli restaurert, samtidig som nye delar av mayariket, som ein gong strakk seg mellom Mexico, Guatemala, Honduras og Belize, blir opna. Alle landa vil bli inkludert i feiringa.

Les: Tjener seg søkkrik på menneskers frykt

Byrjinga på ein ny æra

Elizabeth Hartmann

PR-ekspert Elizabeth Hartmann syns ideen til Mexicos regjering er god.

Foto: Siste Skrik

PR-ekspert Elizabeth Hartmann syns påfunnet er originalt.

– I den harde kampen om turistar er det viktig at ein finn noko som er særeige, noko som er truverdig i forhold til sin eigen kultur, og det har dei definitivt gjort her, seier ho til NRK.

Les: Dommedagsfilm skremmer barn

Også mytolog Terje Nordby er imponert over kampanjen og trur den er svar på ei enorm interesse rundt endedatoen.

– Det er ikkje første gong at religiøse hendingar er utnytta kommersielt. Både Jesus fødsel og død er tungt kommersialisert i heile den vestlege kultur. Eg syns prosjektet er storarta, her er det ei storstilt restaurering av kulturminner på gang, seier Nordby til NRK.

Høyr reportasje i Kulturnytt:

– Mayaene trur ikkje på dommedag

21. desember 2012 endar ein syklus på 5125 år, ifølgje mayakalendaren. Dette har blitt tolka både som starten på ein ny æra og slutten på alt, dommedag.

Teoriane er mange: Jordkloda skal kræsje med eit svart hol eller den passerande planeten Nibiru. Heller ikkje desse teoriane er langt frå filmverda, i «Melancholia» av Lars von Trier kjem ein passerande planet inn i bana til jordkloda og treff den.

Mexico promoterer «Mundo maya» med fokus på den første teorien: At dette er starten på ein ny æra. Men i promoteringsvideoen er det mørke skyer i horisonten og eit lag med mystikk, så eit hint av dommedag ligg det bak videoen.

Terje Nordby kan berolige oss med at sjølv ikkje mayaene trudde på dommedag.

– Dei har delt inn tida i syklusar, og det som skal skje denne dagen er at ein går inn i ein ny syklus, seier han.

Slik kan alt ende - trailer frå «2012»:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)