Hopp til innhold

Til kulturkamp mot Frp

Linn Skåber og 200 andre kulturkjendisar har skrive under opprop mot Frps kulturpolitikk.

Linn Skåber
Foto: Erik Dyrhaug / NRK

Kulturkampen som tjuvstarta i sommar , er no for alvor sparka i gong.

Med oppropet «Kulturkampen» som blei lansert på utestaden Mono i Oslo tysdag, går ein stor andel av norsk kulturliv til kamp mot kulturpolitikken til Frp fram mot valet om ein knapp månad. I oppropet heiter det at dette er måten å sikre gode vilkår for kunst og kultur.

Hundrevis av kulturkjendisar har skrive under, mellom anna Aksel Hennie, Jon Fosse, Åge Aleksandersen, D.D.E. og Josten Gaarder.

- Det er no slaget står. Det er viktig å få fram at heile breidda i kunst- og kulturlivet er avhengige av at dette blir prioritert. Kunst og kultur går ikkje av seg sjølv, men er noko som må kjempast for, sa initiativtakar Arnfinn Bjerkestrand, tidlegare forbundsleiar i Musikernes fellesorganisasjon.

Ønskjer vidareføring av Kulturløftet

Arnfinn Bjerkestrand

Arnfinn Bjerkestrand.

Foto: MFO.no

«Kulturkampen»-initiativet har som mål å sørgje for å gjere kunst og kultur viktig i valkampen.

- Vi gjer oss synlege på sosiale medier og har lansert kulturkampen.no i dag. Vi ønskjer at alle som støttar kulturkampen tek del der dei er for å tryggje desse verdiane, både kordirigenten og mora som har barn i korps.

I manifestet, som starta som ein politisk protest i sommar, står det mellom anna:

«Et regjeringsskifte, og et stort Frp, vil kunne stoppe Kulturløftet. Vi støtter et fortsatt kulturløft i neste stortingsperiode, til beste for publikum, barn, unge, det frivillige kulturlivet, kulturarbeidere og den profesjonelle kunsten.»

Reaksjonene lot ikkje vente på seg. Kulturkampen blei kritisert for å framheve eliten og dermed sørgje for sympati og støtte til nettopp fienden FrP.

Men Bjerkestrand meiner tvert om at kulturkampen står for folke- og forbrukaropplysing.

- Breidde og elite kan ikkje skiljast

Aksel Hennie

Skodespelar Aksel Hennie er ein av dei som har signert oppropet.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Vi har slått hardt tilbake mot elitekritikken. Kunst og kultur foregår i aksen mellom elite og breidde, akkurat slik det er i idretten. Dette er eit sårbart samspel, der ein ikkje kan ta frå nokon av partane, seier Bjerkestrand.

Initiativtakaren er godt nøgd med at så mange, frå alle kunstkategoriar, har skrive under oppropet.

- Det er både breidde og topp som er med på oppropet, og heile kulturfeltet er representert. Dette er ei særs flott liste som eg er stolt av å kunne presentere.

  • Sjå alle som har skrive under på oppropet her

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB