Hopp til innhold

Vil miljømerke hytte­områda

Venstre vil «svanemerke» norske hytteområde. –Grønvasking av hyttenæringa, seier MDG.

Hytter og gjerder i Hafjell

HYTTER: I Øyer, Ringebu, Ringsaker, Øystre Slidre, Trysil og Løten er det planar for mange tusen nye hytter dei neste åra.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
420,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

– Byane fortettar, byggjer i høgda og tilpassar seg klima. Men det verkar som det ikkje er grenser for byutviklinga og arealbruken i fjellheimen.

Det seier Kjetil Kjenseth. Har er venstre sin førstekandiat til fylkestinget i Innlandet.

– Det er på tide at dei store hyttekommunane i Innlandet går saman og tek eit større ansvar for ei berekraftig utvikling, meiner han.

Han hevdar at det er planlagt opp mot 20.000 nye hytter i dei store hyttekommunane i fylket dei neste åra.

Kjetil Kjenseth, Venstre sin 1. kandidat til fylkestinget

MILJØOMSYN: Ketil Kjenseth, Venstre sin 1.-kandidat til fylkestinget meiner det trengst insentiv for å nå krava om å kutte utslepp og bruke mindre natur.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Les også Folk på bygda har fått nok: Halvparten mener hyttebygging må begrenses

I Holtardalen på Rauland i Vinje er det mange hytter.

Ikkje byggjeforbod

No foreslår Innlandet Venstre «svanemerking» av hytteområde.

Dette meiner Kjenseth vil vere ei kvalitetssikring som seier at det er teke miljøomsyn i utviklinga av hytteområdet. Forbrukaren skal vite at det ein betalar for varer og utbygging som er bra for omgivnadene.

– Vi har sett oss store krav om å kutte utslepp og bruke mindre natur. Då meiner eg vi treng slike insentiv. Dette vil vere eit hjelpemiddel for oss alle.

Kjenseth presiserer at dette ikkje skal vere noko byggjeforbod.

– Vi skal ikkje slutte å bruke naturen men vi må gjere det så berekraftig som mogleg.

Hytte-bygging går for hardt utover naturen, ifølge de spurte i ei ny undersøkelse. 
I Lom blei planer om hytte-bygging stansa etter press fra blant annet beitebrukere og Naturvernforbundet.

HYTTEMOTSTAND: Fleire meiner at hyttebygging går for hardt utover naturen, ifølgje ei undersøking frå februar 2023. I Lom blei planar om hyttebygging stansa etter press frå blant anna beitebrukarar og Naturvernforbundet.

– «Grønvasking»

Johannes Christian Wahl Gran er MDG sin førstekandidat til fylkestinget i Innlandet

Han er sterkt kritisk til Kjenseth og Venstre sitt forslag.

Wahl Gran meiner at ei «svanemerking» av hyttefelt vil bli ei dårleg unnskyldning for å utvide hyttefelt og bygge ut urørt natur.

– Dette er eit forsøk på å «grønvaske» norsk hyttebygging, meiner han.

– Å miljømerkje nye hytter og hyttefelt vil ikkje løyse noko som helst innan naturkrisa. Tvert imot vil det gi ei godkjenning til å halde fram utbygginga som raserer norsk natur, seier Wahl Gran.

Johannes Christian Wahl Gran, MDG sin 1. kandidat til fylkestinget

SVÆRT KRITISK: Johannes Christian Wahl Gran, MDGs 1.-kandidat til fylkestinget meiner forslaget er eit forsøk på å «grønvaske» norsk hyttebygging.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Han held fram:

– Venstre hoppar bukk over eitt moment, nemleg infrastrukturen. Bilvegar, brøyting, vatn, avløp, kloakk og straum kjem ein ikkje utanom same kor miljøvennlege hytter ein byggjer.

Les også Hytteopprøret har spredt seg til kysten: Kjemper mot ny hytteby i 100-metersbeltet

Kragerø, lysere

Skape verdiar

Audun Skattebo er administrerande direktør for hytteprodusenten Tinde Hytter. Han meiner svanemerking av hytter er ein god idé, og seier at det er i takt med tankegangen deira.

– Tinde har allereie gjort ein del grep. Vi tenkjer berekraft og jobbar med nye løysingar. Eit slik tiltak vil berre påskunde arbeidet vi allereie er i gang med.

Audun Skattebo, administrerende direktør Tinde Hytter

GOD IDÉ: Audun Skattebo, administrerande direktør i Tinde Hytter, er positiv til Venstres forslag om «svanemerking» av hyttefelt.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

– Vi er positive til at det no kjem eit konstruktivt forslag. Her kan vi setje oss ned saman og skape verdiar framover som er veldig viktige for Distrikts-Noreg, seier Skattebo.

Ketil Kjenseth i Innlandet Venstre meiner Innlandet kan bli eit fyrtårn i klimakampen. Han håpar å inspirere resten av landet.

Eg ønskjer Statsforvaltaren, fylkeskommunen, dei store hyttekommunane og reiselivet inn i eit felles prosjekt for berekraft, seier Kjenseth.

NRK forklarer

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

1. Høge forventningar

Hyttekonfliktar utgjer ein stor del av dei sivile sakene rådet behandlar.

Ei av forklaringane er at folk har høge forventningar til korleis ein skal ha det på hytta.

– Ein ser for seg at ein skal leve det gode liv på hytta. Men der nokon ønsker ro, ønsker andre aktivitet. Då kan det bli kryssande interesser, seier Grete Stabekk i Konfliktrådet i Innlandet.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

2. Vi trur at alle ser verda med same auge

Eit grunnleggjande, menneskeleg trekk er at vi trur at alle har like behov. Dette kan skape grobotn for konflikt i hytteområde. Dette er typiske område der heilt ulike behov blandast, som bonden sitt behov for godt beite, og hytteeigarane sitt behov for å halde dyra unna hytteplattingen.

– Vi har lett for å tru at alle har same ønsker og behov, men slik er det jo ikkje. Ein tenker kanskje at det er vond vilje som ligg bak kvifor ein oppfører seg som ein gjer, utan at det er tilfelle. Ofte er ein berre ulike, seier Stabekk.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

3. Tre, dyr og gjerde

Det er ein del tema som går igjen om dei typiske hyttekonfliktane.

Stabekk ramser opp:

  • Gjerde – er det lov/mogleg eller ikkje
  • Tre – skal dei stå eller ikkje
  • Vegrett og vassrett
  • Dyr som gjer skade
  • Grensetvistar
  • Støy og festing
Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

4. Sterke kjensler og affeksjonsverdi

Mange har hatt hytter i svært mange år, som også ofte har vore knytt til barndomsheim.

Det skaper sterke kjensler, og dermed kan det oppstå konfliktar dersom det kjem endringar i nærområdet til disse hyttene.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

5. Konfliktrådet kan hjelpe

Stabekk seier at dersom nokon har konfliktar i sitt hytteområde, så kan Konfliktrådet vere til hjelp. Enten ved at partane saman tar kontakt, eller ved ein av dem. Då kan rådet kontakte den andre parten. I et møte i konfliktrådet kan begge parter få legge fram sin del av saken, med mål om å komme til ei løysing.