Hopp til innhold

Ber om 90 kroner meir i lisens

NRK ber om 90 kroner meir frå kvar lisensbetalar i 2014.

NRK Sport/NRK Produksjon

Kostnader knytt til digitalisering av radioen og kostnader knytt til rettar både til sport og musikk legg til grunn for at NRK ber om ei auke i lisensen på 90 kroner.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Det er i det årlege "lisensbrevet" eller plandokumentet til Kulturdepartementet NRK ber om ei auke i lisensen på 90 kroner i 2014.

Kostnader knytt til utbygging og distribusjon av digitalradio er den viktigaste enkeltårsaka til at NRK ber om at kringkastingsavgifta blir 90 kroner høgare.

Les mer i NRKs lisensbrev/plandokument 2014

Les også bakgrunnsinfo for Lisensbrev 2014

Får NRK 90 kroner meir vil om lag 30 kroner av dei gå til dobbeltdistribusjon av digitalradio. I brevet anslår NRK dei auka distribusjonskostnadene i 2014 til å vere på 65 millionar kroner.

Dyre sportsrettar

Dei resterande 60 kronene går i hovudsak til tryggleikstiltak og kostnader knytt til rettar.

NRK reknar med auka utgifter til visningsrettar, musikkrettar og tilgjengeleggjering av arkiv på nett. Særleg kostnader knytt til sport er venta å auke. Alt i alt reknar NRK med ei auke på 45 millionar kroner i kostnader knytt til rettar.

- Om vi får dette, inneber det ei veldig god inntektsutvikling for NRK, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen om summen NRK ber om.

Ansvaret hos NRK

Han seier dette vil gi NRK eit godt grunnlag til å utvikle seg vidare. - Då har departementet/regjeringa gjort sin del av jobben, og så ligg ansvaret hos NRK for å prioritere, tenke effektivt og utvikle innhaldet til publikum, seier Eriksen.

Thor Gjermund Eriksen

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ber om 90 kroner meir frå kvar av dei om lag to millonane med lisensbetalarar.

Foto: Ole Kaland / NRK

Tiltak for å betre tryggleik og beredskapsnivået i NRK vert og ein stor utgift i 2014.

NRK har eit særskilt ansvar for å gi publikum informasjon i ein krisesituasjon, og dei neste åra gjennomfører NRK tiltak for å betre tryggleik og beredskapsnivået i NRK. Desse tiltaka vil truleg koste rundt 30 millionar kroner.

Må jobbe smartare

Eriksen gjer det klårt at dei 90 kronene altså ikkje skal brukast på å utvide tilbodet frå NRK, som for eksempel den nye DAB-kanalen NRK har søkt om.

- NRK må ha som ambisjon å utvikle seg innanfor dei rammene vi har. Det har denne organisasjonen vore flink til, seier Eriksen.

«Med en forventet økning i antall lisenser på 15.000 betyr dette at vi må gjennomføre en rasjonalisering på i overkant av 60 millioner kroner for å klare et resultat i balanse», står det i plandokumentet signert styreleiar William Nygaard og kringkastingssjef Eriksen.

- Vi har framleis kostnadsvekst, sjølv om vi rasjonaliserer. Dersom vi med truverd skal be om meir ressursar og auke i lisensen, må vi sjølvsagt også vise at vi har ein ambisjon om å jobbe smartare. Poenget er at vi skal klare få litt meir ut av litt meir pengar, i staden for det same for meir pengar, presiserer Eriksen.

Justert for effektiviseringstiltak, reknar NRK med vekst i kostnadene på 2,42 prosent, i følgje dokumentet.

Ikkje politisk taktikk

- Til hausten har vi kanskje ei anna regjering. Har det betydd noko for utforminga av plandokumentet?

- Nei. Plandokumentet er ikkje noko brev med gode ønske. Det er viktig at vi ikkje tenker taktisk, men at vi gjer greie for kva ressursbehov vi har for å kunne løyse dei oppgåvene vi har, slik at NRK står fram på ein truverdig måte, seier Eriksen.

90 kroner er nokre få kroner mindre enn det NRK har bedt om (og fått) dei to siste åra: I 2011 bad NRK om 95 kroner meir, og fjor 93 kroner.

Fakta om kringkastingsavgifta/lisensen:

  • I 2012 var det 1 964 000 som betalte kringkastingssavgifta på 2 580 kronar.
  • Det ga NRK nær fem milliardar eller nøyaktig 4 950 279 000 kronar i lisensinntekter i 2012.
  • Så å seie alle NRK sine inntekter - 96 prosent i 2012 - kjem frå lisensen.
  • Alle i Noreg som har ein fjernsynsmottakar i bruk pliktar å betale kringkastingsavgift. Dette gjeld enten man eig, leiger eller låner mottakaren.

Les mer: Alt om lisensen

Les mer: Dette er allmennkringkasting

Les mer: Dette er NRKs medietilbud