Hopp til innhold

Vil ha brystkirurgi

Fylkesutvalet i Oppland meiner brystkirurgien må samlast på Lillehammer.

Sjukehuset i Lillehammer
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Grunngjevinga er at det totale behandlingstilbodet blir best ivaretatt her, skriv utvalet i ei pressemelding.

Styret i Sjukehuset Innlandet skal onsdag vedta det framtidige behandlingstilbodet for brystkirurgi i Innlandet. Innstillinga går inn for å flytte behandlinga til Hamar.

Fagekspertise

Fagutvalet i Oppland gjer nå eit forsøk på å påverke vedtaket. Dei argumenterer med at sjukehuset på Lillehammer har fagspesialistar på plass, og at det finst fagfolk på røntgen, patologi, nukleærmedisin, onkologi og kirurgi. Hamar manglar ein del av denne ekspertisen.

I 2003 bestemte styret at Lillehammer skal vera kvinne/barn- senter for Sjukehuset Innlandet. Brystkreftkirurgi vil vera ein naturleg del av dette. Dersom dette ikkje blir resultatet, får vi ei forsterka skeivfordeling av kirurgioppgåvene mellom fylka, meiner Opplandspolitikarane.

Flere saker fra Innlandet