Ti personer tatt av snøskred
Ei gruppe på ti personar var involvert i eit snøskred på Sognefjeldet i ettermiddag. To av dei skal vere skadd, men dei er ikkje livstruande skadd, seier redningsleiar Børge Galta ved hovudredningssentralen Sør Norge. Raset gjekk om lag ein kilometer vest for Steindalsnosi, melder GD. Det er betydeleg skredfare i dette området etter snøfallet dei siste dagane.