Hopp til innhold

"Alien"-orm åler seg ut av kroppen til død edderkopp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

–Fullt mogleg, seier norsk biolog.

Videoen av ein grotesk lang orm som åler seg ut av kroppen på ein edderkopp er sett av fleire hundre tusen brukarar på YouTube.

Mannen med brukarnamet «baskwith» som har posta videoen, fortel at han spraya og drap ein edderkopp som dukka opp på rommet hans, då denne digre ormen kom ut av edderkoppen.

«WTF is this?», eller Kva i h.. er dette, var spørsmålet baskwith stilte seg.

– Ekstremt utbreidt dyregruppe

Petter Bøckman

Biolog Petter Bøckman ved Universitetet i Oslo.

Foto: Petter Sommer / NRK

Biolog Petter Bøckman ved Universitetet i Oslo blir ikkje overraska når han ser videoen.

– Dette er ein av to dyregrupper, taggelorm eller rundorm, fortel han til NRK.no.

– Dette er ei ekstremt utbreidt dyregruppe. Viss alle andre dyr på jorda forsvann ville vi framleis sett omrisset av jorda som eit sløraktig bølgjande teppe av rundorm, så talrike er dei.

Bøckman held ein knapp på at ormen høyrer til rundormfamilien Nermithidae som er ein lang rundorm som har larvestadium i diverse leddyr, også edderkopp. Etter å ha brote ut av edderkoppen lever ormen på eiga hand utan fleire vertar.

– Ormen har nok brote ut av kroppen for å sleppe unna det gufne stoffet, sannsynlegvis såpe, som edderkoppen er drepen med. Det er derfor han vrir på seg, fortel Bøckman.

Ifølgje Bøckman kan edderkoppar i Noreg også gå rundt med slike ting på innsida.

– Et essensielle organ til slutt

Det ser fullstendig surrealistisk ut at ein edderkopp kan huse eit så svært vesen i sitt indre, men dette er fullt mogleg, i følgje Bøckman:

– Edderkoppen er jo drepen og var nok større å sjå på då han levde. Men når det er sagt så kan ormen ha utgjort kanskje halve kroppsvekta til edderkoppen eller meir, forklarer Bøckman.

– Det som er litt surt for leddyr er at dei toler ekstremt mykje, seier Bøckman og nemner kakkerlakkar som døme: – Du kan kutte hovudet deira, og dei løper vidare.

Rundormane veit også korleis dei skal få verten sin til å leve lengst mogleg.

Ifølgje Bøckman begynner dei først å suge i seg feittet på dyret, deretter kjønnsorgana, og så begynner dei å ete ein del viktige ting.

– Til slutt sug dei i seg feitt og protein frå dei essensielle organa som hjartet. Har du sett filmen Alien? Det er der vi er, seier Bøckman.

For dei som ikkje hugsar det: I Science-fiction-klassikaren Alien, den åttande passasjer frå 1979 plukkar eit team romfararar opp ein ufyselig parasitt på ein framand planet. Parasitten bryt seg gjennom kroppen på verten i ei av filmhistorias mest uforgløymeleg scener.

Alien

Rundormar hos edderkoppar er ikkje heilt ulike skrekkvesenet i Alien, ifølgje biologen Petter Bøckman. Her finn Brett (Harry D. Stanton) eit guffent teikn på ein åttande passasjer i filmen Alien – den åttande passasjer.

Foto: Fox

Edderkoppens dagar var altså uansett snart talde. Hadde han ikkje blitt spraya og mosa, ville han snart blitt drepen av Alien'en på innsida av kroppen.

– Dette er ein døyande edderkopp. Uansett kor mykje han et blir han magrare og magrare. Ein ser det ikkje utanpå, fordi skalet til edderkoppen held forma sjølv om ormen har suge i seg nesten alt, seier Bøckman.

Også hos menneske

Vi menneske slepp dessverre heller ikkje unna parasittiske ormar:

Bøckman fortel at rundormar finst over alt, derfor må vi rekne med at vi har dei i omgivnadene våre til ei kvar tida. Dei finst på huda vår og inne i kroppen vår. Blant rundormar som trivst hos oss er spolorm, barneorm og trikinar, som blant anna kan overførast frå svinekjøt.

Likevel synest ikkje Bøckman vi treng å bekymre oss over dette. Vi merker ikkje noko til det.

Og dessutan har vi i Noreg ein fordel når det gjeld parasittar:

– Vi i Noreg lever i eit spesielt land, Fordi det er så kaldt her har vi veldig få parasittar. Vi er rett og slett ikkje vant til det normale parasittnivået, seier Bøckman.

Det er noko å trøyste seg med når temperaturen kryp godt under null grader.