Synnøve Aasland
Foto: Jannicke Møller Andersen

Smugla dødsliste innsydd i kjolen

NOTODDEN (NRK): Synnøve var berre 17 år gamal då ho redda liva til ti norske motstandsmenn. På den internasjonale kvinnedagen blei den no 89 år gamle krigshelten heidra av Norsk Industriarbeidarmuseum.

– Eg tenkjer nok eg hadde gjort det same i dag. Eg hadde nok det, seier Synnøve Aasland då NRK møter ho på Brattrein hotell på Notodden saman med ei av dei tre barna hennar, Kjersti Nymoen.

Det var ein av dei siste februardagane for meir enn sytti år sidan det skjedde. Og i dag på den internasjonale kvinnedagen blei ho heidra for innsatsen av Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan.

Ein sein februarkveld i 1944 fekk Synnøve og familien hennar i Tinnemarka på Notodden besøk av motstandsmannen Knut Aasland, kjærasten som seinare blei gift med Synnøve.

– Knut kom saman med to ukjende menn og hadde det frykteleg travelt. Han var alvorleg, og spurde om eg kunne ta på meg ei oppgåve som kurerer til Rjukan med ei namnelista.

Synnøve Aasland

Synnøve Aasland var berre 17 år då ho smugla dødslista frå Notodden til Rjukan i denne kjolen.

Foto: Privat

Knut hadde fått lista av ein kontakt motstandsrørsla hadde ved Notodden politikammer.

– Han sa det som det var. Det var ei liste som dei hadde greidd å få ut av politikammeret. Det var jo nazifisert, men dei hadde jo sine eigne der inne også. Då var det om å gjere å finne ein som var anonym og ikkje ville bli mistenkt. Og ei ung jente hadde ikkje nazistane den same mistanken mot.

På lista hadde tyskarane ført opp rundt ti namn på personar som skulle likviderast etter at D/F Hydro var senka nokre dagar tidlegare.

Syr dødslista inn i kjolen

Etter ein kort diskusjon med foreldra og søskena seier Synnøve ja til det livsfarlege oppdraget.

– Eg såg jo på foreldra mine, for dei stod og høyrde på det Knut fortalde. Eg tenkte at dei måtte jo få eitt minutt, for eg var jo berre 17 1/2 år.

Foreldra skjønar at oppdraget er viktig. Storesøster spretter opp beltet på den blå konfirmasjonskjolen, og lista blir bretta pent saman. Deretter blir kjolen sydd saman.

Synnøve når så vidt tinnsjøferga Ammonia på Tinnoset, og litt over midnatt er den 17 år gamle kureren framme på Rjukan. Byen er mørklagt, men etter litt leiting finn Synnøve fram til den rette adressa.

– Det kom ein ut og opna så vidt ein liten sprekk i døra. Og då hadde eg fått beskjed om at eg skulle spørje etter ein globoid.

Då visste mannen i dørsprekken kva det handla om.

– Eg blei berre dratt inn i full fart, og så var det av med kåpa og belte. Fram med eit barberblad og sprette opp kjolen for å få tak i lista.

Deretter heiv den ukjende mannen på seg jakka og forsvann ut døra. Klokka fire same natt går tyskarane til aksjon mot mennene på lista.

Men tyskarane kjem for seint. Kontakten Synnøve møtte på Rjukan har varsla den lokale motstandsrørsla. Takka vere ei 17 år gamal jente i blå konfirmantkjole er mennene på veg inn på Hardangervidda når tyskarane slår til.

Synnøve var berre 17 år gamal då ho redda liva til ti norske motstandsmenn.

Synnøve Aasland (89) blei heidra på kvinnedagen 8. mars for innsatsen under 2. verdskrigen av Norsk Industriarbeidermuseum.

Mangla dekkhistorie

Sjølv hugsar Synnøve godt den redsla som ho kjende på heimvegen neste dag då ho reiste tilbake til Notodden.

– Tinnsjøferga Ammonia var full av tyske soldatar. Dei var gretne. I ettertid fekk eg vite at grunnen til det dårlege humøret var den mislukka aksjonen natta før.

– Eg mangla ei dekkhistorie, for vi hadde det for travelt til å finne på det. Så eg tenkte kva skjer om det blir kontroll. Og tyskarane spør meg kven eg har besøkt på Rjukan. Kva skulle du der? Eg hadde ingen kjenningar der, og ikkje slekt.

Men til alt hell var det ingen som festa mistanke til ei 17 år gamal jente i blå konfirmasjonskjole.

Kvinnene fortener plass

På 8. mars blei den 89 år gamle heiderskvinna feira av Norsk Industriarbeidarmuseum om bord på den same ferja ho brukte på den livsfarlege reisa i 1944. Det er eit medvite val, fortel direktør Runar Lia.

Synnøve og Knut Aasland gifter seg

Synnøve og Knut Aasland gifte seg i august 1946.

Foto: Privat

– Historia til Synnøve Aasland er dramatisk. Men den er og ei av mange ukjende historier der norske motstandskvinner står bak, seier direktøren, som gler eg til å syne fram krigssoga ved Norsk Industriarbeidarmuseum under eit besøk Synnøve skal gjere til sommaren.

Sjølv har ikkje Synnøve vore på Tinnoset og Rjukan etter den livsfarlege reisa i 1944.

– Besøket er spesielt, og det vekker minne. Men det er og hyggeleg å bli sett pris på. Det er og viktig at kvinnene får sin plass i krigssoga, seier 89-åringen.

– Det var kvinnene som sat heime utan å vite korleis det gjekk med mann eller søner. Det var kvinnene som sytte for mat og klede i ei vanskeleg tid, og det var kvinnene som sat med ansvar for å brødfø familien når okkupantane tok mennene.

Ville gjort det same

I dag, meir enn 70 år etter den dristige varslingsaksjonen, seier Synnøve at ho ville gjort det same.

– Knut, som seinare blei mannen min, var aktiv i motstandsrørsle. Det same var resten av veneflokken.

Motstandsarbeidet blei ein del av kvardagen.

– Knut var den mest aktive av oss, og eg hugsar han ein gong måtte gøyme seg hjå den lokale barberaren på Notodden då tyskarane var etter han. Knut hoppa inn i barberstolen, fekk skum i andletet og ei kappe over kroppen. Og tyskarane oversåg mannen i stolen. Vi gjorde det vi måtte, seier Synnøve.

Medalje ved fredsjubileet

Sabotasjeaksjonen mot D/F Hydro blei gjennomført for å hindre at tungtvatn frå Hydro sin hydrogenfabrikk på Rjukan kom fram til våpenindustrien i Tyskland. Fjorten sivile og fire tyske soldatar mister livet.

Mens Tungtvassaksjonen er godt dokumentert, blei ikkje historia til Synnøve kjend før ho fekk regjeringa si minnemedalje ved fredsjubileet i fjor.

– Medaljen kom uventa, men i ettertid har den vore til stor glede, seier Synnøve.

Ammonia

Tinnsjøferga Ammonia, meir enn 70 år etter den livsfarlege reise Synnøve Aasland gjorde i 1944.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Snakka aldri om krigen

Den dramatiske hendinga har heller ikkje vore samtaleemne i familien.

– Under krigen var det ein kultur for ikkje å snakke. Denne kulturen tok vi med oss inn i etterkrigstida, seier Synnøve

Likevel. I dag, på den internasjonale kvinnedagen, er 89-åringen glad for å fortelje si soge. Den handlar om ei jente i blå kjole, og om okkupantar som kom nokre timar for seint etter at 17-åringen hadde varsla om ei dødsliste.