Hopp til innhold

Reuters: Kina bekreftar at to kinesiske borgarar er tatte til fange i Ukraina

Kina bekreftar at to kinesiske borgarar er tatt til fange i Ukraina. Truleg frivillige framandsoldatar, seier ein tryggingsekspert til NRK.

Kinesisk soldat avbildet på video delt av Zelenskyj

HEVDAR FANGE ER KINESISK STATSBORGAR: Volodymyr Zelenskyj publiserte tysdag ein video på X av det han hevdar er ein kinesisk statsborgar som har kjempa i krigen for Russland.

Foto: Skjermdump / Telegram

Bekreftinga kjem etter at den ukrainske presidenten meldte at ukrainske styresmakter hadde tatt to kinesiske borgarar.

– Dei fanga kinesiske borgarane er no i varetekta til den ukrainske tryggingstenesta, skreiv Volodymyr Zelenskyj på sosiale medium på tysdag.

Kinas utanriksdepartement seier dei jobbar med å få stadfesta relevant informasjon frå ukrainske styresmakter.

Samstundes ber dei borgarane sine om å unngå krigssoner.

– Myndigheitene i Kina har alltid bede innbyggarane sine om å halde seg unna område med væpna konflikt og unngå å bli involvert i væpna konfliktar av noko slag, seier talsperson Lin Jian.

To kinesiske borgarar i varetekt

Zelenskyj seier også at det var seks kinesiske soldatar blant dei russiske soldatane som dei var i kamp med då dei to vart tekne til fange.

– Vi har informasjon som tilseier at det finst mange fleire kinesiske borgarar i okkupasjonsmakta sine styrkar enn berre desse to, hevdar Zelensky.

Denne påstanden avviser Kina som «grunnlaus», ifølgje AFP.

Dei to som er er tatte til fange er identifisert med bankkort, identifikasjonsdokument og personlege eigendelar som blei funne då dei blei fanga, ifølge den ukrainske presidenten.

  • En totalødelagt kirke i en forlatt, ødelagt landsby

    Den forlatne landsbyen Marinka i Donetsk fylke har blitt fotografert med drone 8. april

    Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB
  • Dronebilder av en ødelagt bygning med mange små hull i

    Bygga ber tydeleg preg av harde kampar i området.

    Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB
  • En rusten stridsvogn uten lokk sett direkte ovenfra

    Det russiske militæret sa at de hadde tatt Marinka i desember 2023.

    Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB
  • et dødt tre utenfor en ødelagt bygning

    Før krigen budde det 10.000 menneske her.

    Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB
  • En gate med ihelbombede bygninger

    No står landsbyen tom, men reknast som «porten» inn til russisk-okkuperte Donetsk.

    Foto: STRINGER / AFP / NTB

Han publiserte også ein video av ein soldat med hendene stripsa framfor kroppen, som verkar å prøva å forklare noko på mandarin til personane bak kamera.

Om Ukraina meiner desse personane skal ha vore i Ukraina på Beijing sine ordrar, eller om dei har reist og verva seg sjølve, kjem ikkje tydeleg fram i utsegna.

Tryggingsekspert Tor Bukkvoll meiner at dei truleg er frivillige framandsoldatar. Meir om dette finn du lenger nede i saka.

Opplysingane er ikkje stadfesta frå uavhengig hald. Verken Moskva eller Beijing har kommentert påstandane.

Ber USA følge med

– Eg har instruert den ukrainske utanriksministeren om å umiddelbart kontakte Beijing og finne ut av korleis Kina kjem til å svare på dette, sa Zelenskyj på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

– Eg synest USA bør følge nøyare med på det som skjer i dag.

Det amerikanske utanriksdepartementet seier tysdag kveld at det er kjend med at to kinesiske borgarar er arresterte etter å ha kjempa på russisk side.

– Det er forstyrrande, seier talsperson Tammy Bruce ifølge AFP.

I ein pressekonferanse tysdag ettermiddag ber Zelenskyj om eit svar frå kinesiske styresmakter, og ein reaksjon frå USA.

Dette er første gongen Ukraina sjølv har meldt at kinesiske soldatar kjempar for Russland på slagmarka.

Men den franske avisa Le Monde har tidlegare identifisert det den meiner er 40 kontoar på den kinesiske søsterappen til TikTok, Douyin.

Desse høyrer til kinesarar som hevdar å ha frivillig meldt seg til teneste i det russiske militæret, heiter det vidare i artikkelen.

Russiske krigsbloggarar har også tidlegare hevda at kinesiske frivillige kjempar på slagmarka for Russland, melder Politico.

Kallar Kina inn på teppet

Den ukrainske utanriksministeren; Andrij Sybiha, skriv i eit eige innlegg tysdag at han har kalla Kina sin toppdiplomat i Ukraina inn på teppet.

Han hevdar at denne informasjonen «set spørsmål» til Kina sin offentlege posisjon som støttar fred i Ukraina, og svekker «Beijing sitt truverd» i FNs tryggingsråd.

en mann i dress og slips

Ukrainas utanriksminister har kalla Kina sin toppdiplomat i landet inn på teppet over skuldingane om at kinesiske soldatar kjempar i Ukraina.

Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTB

Andriy Kovalenko, eit medlem av Ukraina sitt nasjonale tryggings- og forsvarsråd, kallar dei fanga soldatane for «leigesoldatar» utan å utdjupe dette vidare, melder Reuters.

Kina har til no presentert seg som ein nøytral part i konflikten, og nekta å sende soldatar til noko side. Styresmaktene har bede om «ei fredeleg og diplomatisk løysing».

Samtidig skildrar Moskva og Beijing seg som nære samarbeidspartnarar.

Meiner soldatane truleg er frivillige

Tor Bukkvoll, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), seier det ikkje er oppsiktsvekkande i seg sjølv at kinesiske borgarar slost i det russiske militæret.

På både ukrainsk og russisk side finst det soldatar frå fleire asiatiske land, og frå Vesten.

– Det er eit fenomen som har vore der heile vegen, seier Bukkvoll til NRK.

– Det finst britar som har slost både for Ukraina og Russland, og ingen av dei tidlegare tilfella har ført til vesentlege konsekvensar i internasjonal politikk.

Portrett Tor Bukkvoll, sjefsforsker ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI)

Tor Bukkvoll, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Bukkvoll meiner «det mest sannsynlege», dersom opplysingane stemmer, er at soldatane har reist dit frivillig frå Kina.

– Det finst stadig folk rundt omkring som likar å slåst, og som strøymer til den typen konfliktområde. Så kan det hende at dei har blitt freista av pengar. Det er mange moglegheiter her.

– Det kan sjølvsagt vere at dei har noko kontakt med kinesiske styresmakter, for å rapportere om det dei ser og slikt. Men eg er ikkje overraska.

Ikkje som Nord-Koreas styrkar

Tidlegare har det blitt stadfesta at om lag 11.000 nordkoreanske soldatar har kjempa for Russland i Ukraina.

Dette omtrentlege talet er frå militærdatabasen til Det internasjonale instituttet for strategiske studium (IISS) og meldt av blant andre BBC.

Nord-Korea har i år sendt ytterlegare styrkar til Russland for å styrke frontlinja i Kursk-regionen i Ukraina, seier sørkoreansk etterretning til kringkastaren.

– Då Nord-Korea gjekk inn, var det den nordkoreanske staten som sende meir eller mindre ein eigen divisjon av eigne soldatar, seier Bukkvoll.

– Dette er noko heilt anna.

SISTE NYTT

Siste meldinger