Aisha er gravid i niande månad.

Samaya har sanka gras. For mat er for dyrt, og familien treng noko i magen.

Sudan har falt saman, og vanlege folk betaler den høgste prisen.

Uformell flyktningleir for sudanske flyktningar i Tsjad

Krisa som slår grufulle rekordar

– Eg såg folk bli drepne og banka opp

Det myldrar av liv, berre 100 meter frå grensa til eit land kor den verste konflikten i verda herjar.

Ingen veit kor mange som er døde i borgarkrigen i Sudan. Men det er minst titusenvis.

Over ti millionar er på flukt. 25 millionar er ramma av svolt. Dei enorme tala fører til at krisa vert kalla verdas største.

Sjukdommar som kolera herjar, seier WHO. Det kjem også rapportar om hungersnaud.

Tayba er ei av dei som flyktar. Ho gjekk til fots. Historia ho fortel gir eit bilde på råskapen som herjar i Sudan.

– Eg såg folk bli drepne og banka opp. Dei kledde fleire mannfolk nakne, kasta dei på bakken og banka dei opp. Kvinner vart også banka og valdtekne, seier ho til NRK.

Tayba Alhadj Adam (til venstre)

– Me ha klart å flykte hit, men måtte forlate nokre familiemedlem som er igjen der, seier Tayba Alhadj Adam (til venstre).

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Tayba seier at styrkar frå RSF-militsen angrip folk i heimen og særleg angrip kvinnene.

– Det er kvinnene dei vil ha, og ingen kan hindre dei. Så bankar dei opp mennene og drep dei. Dei eldre kvinnene blir også banka opp. Det er ikkje mogleg å hindre dei.

Ho fortel at det ikkje finst nokon stad dei kan henvende seg for å få det stansa. Det er inga hjelp å få.

Grenseelva mellom Sudan og Tsjad, der Tayba kryssa over til ein noke tryggare framtid.

Grenseelva mellom Sudan og Tsjad, der Tayba kryssa over til ein noko tryggare framtid.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Flykta til fots

I Taybas storfamilie er det åtte barn, som alle har vore på flukt.

Dei har reist til fots frå landsbyen der dei budde i Darfur. Bestefaren hennar er for dårleg til beins og blei igjen.

Det er ingen måte å ha kontakt med folk i landsbyen, så dei veit ikkje korleis det går med dei som er heime.

– Me er redde for liva deira, og ingen veit korleis det går med dei, seier Tayba.

Tayba Alhadj Adam

Tayba Alhadj Adam ventar på å få registrert seg som flyktning i Tsjad.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Svelt også i Tsjad

Heime i Sudan blei det umogleg for Tayba og familien å livnære seg sjølve.

– Me vart hindra frå å drive jordbruk i år, så me måtte til slutt flykte, seier ho.

Sjølv om ho nå er i Tsjad, svelt ho framleis. Ho fortel at ho kom fram til Tsjad for eit par dagar sidan og budde på gata.

Ho fekk beskjed om å dra tilbake til grensa for å registrere seg. Når NRK møter Tayba, er ho ved grensa for å gjere det, men har framleis ikkje fått starta prosessen.

– Maten me hadde med er slutt. Mannen min reiste inn til marknaden i Adré for å leite etter mat, men han kom tomhendt tilbake. No gret borna av svolt, seier ho.

Nokre unge gutar har funne seg et bilvrak å leike i utanfor ein av leirane i Tsjad.

Nokre unge gutar har funne seg et bilvrak å leike i utanfor ein av leirane i Tsjad.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Over 600.000 på halvanna år

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) seier at over 600.000 menneske har flykta frå Sudan til Tsjad sidan borgarkrigen starta for halvanna år sida.

Det kjem på toppen av ein halv million sudanske flyktningar som allereie budde i Tsjad.

Dei flykta frå folkemordet i Darfur i 2003 og 2004 og har vore ein generasjon i leirane.

Små flyktningtelt så langt augo kan sjå. Stråvegger og plasttak er standarden for fleire hundre tusen av dei som flyktar til Tsjad.

Helst skal dei få bu slik. Det er bygd titusenvis av små hus for flyktningar i Tsjad. Men det trengst mange titusen til for å møte behovet.

Fredag kom ein FN-rapport om den over 500 dagar lange borgarkrigen.

Rapporten fortel om ein grufull konflikt. Både den sudanske hæren og RSF-militsen er ansvarlege for angrep på sivile, tortur og seksuell vald.

Jenter så unge som åtte år er blitt valdtekne. Kvinner og jenter er bortførte og brukt i seksuelt slaveri av RSF.

Les også Rapport om borgar­krigen i Sudan: Filmar massedrap og tortur

Soldatar frå SAF hoiar i militæruniform på ei stridsvogn.

Veit ikkje kor mannen er

UNHCR seier at 93 prosent av flyktningane er kvinner og born. Mest born, men 26 prosent er kvinner. Berre 7 prosent er menn.

I Darfur er det ekstremt mange menn blant dei drepne. Dei offisielle tala på drepne i Darfur er ein del tusen, men alle meiner mørketala er enorme. Spesielt er menn med afrikansk utsjånad utsette.

Samaya Abdallah Ishaq

– Eg har ikkje pengar til å kjøpe mat, og har ikkje fått noko mat frå nokon organisasjon så langt, seier firebarnsmora Samaya Abdallah Ishaq.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Samaya Abdallah Ishaq har reist langt for å kome til grensa, der NRK møter ho. Samaya kjem frå millionbyen Nyala, fleire hundre kilometer inne i Sudan.

Ho fortel at byen vart bomba i et luftåtak. Ho vart skadd, men klarte å kome seg med ein bil saman med borna. Nå veit ho ikkje kor mannen er. Om han er i live eller er drepen.

– Eg aner ikkje kor mannen min er. Eg mista kontakten med han i starten av krigen, seier Samaya.

Flaum på toppen av krig

Den siste månaden har ein ny tragedie lagt seg oppå borgarkrigen.

Store delar av Sudan er råka av ein storflaum. I Darfur har flaumen øydelagt leirar for interne flyktningar.

Reuters skriv at regnet har gjort det vanskeleg å få fram mat til dei mange som svelter.

Aisha Ahmad Suleiman er ein av dei som har flykta frå vatnet.

– Me måtte flykte då regnet kom og øydela åkrane våre, seier ho.

NRK møtte ho då ho stod i lang registreringskø, med svær gravid mage.

– Eg er gravid i niande månad. Eg føder den dagen Gud tillèt meg å føde.

– Kan aldri leve saman med arabarane

Borgarkrigen i Sudan er komplisert med mange konfliktlinjer:

  • Det er ein krig om landets ressursar. Sudan er mellom anna kjent for å ha mykje gull.
  • Det er ein krig mellom fastbuande og nomadar. Dei som vil dyrke jorda og dei som vil flytte seg med buskapen.
  • Krigen som har herja i eit og eit halvt år er i stor grad ein rein konflikt om makt. Leiarane på båe sider er tydeleg opptatt av personleg makt.
  • Men, særleg i Darfur, er det også kampar mellom arabarar og svarte afrikanarar.

I ein av dei uformelle flyktningleirane i byen Adré bur Suakin Hamis Mohammad. Ho sit med babyen Bakarin Zakaria Ali på fanget.

Suakin Hamis Mohammad har åtte barn. Bakarin er minstejenta.

Dei har vore på flukt ei stund, og er blant dei mange hundretusen som bur i hus av strå og plast, i påvente av hjelp.

Håpet hennar er å få plass i ein av dei meir formelle leirane. Forholda er langt betre der.

Men eigentleg lengtar ho heim.

– Me vil reise heim igjen til Sudan. Eg saknar heimen min, men den er øydelagd. Alt av utstyr, senger og klede er tekne av arabarane. Eg såg det skje. Ein av oss vart skoten og døde, seier ho,

Nå seier ho at ho aldri kan leve saman med arabarane.

– Den dagen dei forlèt landet, skal eg reise tilbake.

NRK spør Suakin om ikkje også arabarane har Sudan som heim.

– Om dei bur der, så blir eg her. Og uansett ville dei aldri latt oss komme tilbake om me hadde forsøkt.