På innsida av Italias korona-krig: Her ligg folk og blir kvelte i sjukesengene

MONZA, ITALIA (NRK): Denne veka fekk eg sjå kva dette koronaviruset eigentleg handlar om. Ved intensivavdelinga til San Gerardo-sjukehuset kjempar legane ein desperat kamp.

Latekshanskar, vernedress, vernebriller og gummistøvlar.

For desinfeksjon har eg Klorin og sprit. Smittevernutstyr kjøpt på ein jernvarehandel.

Eg er klar til å reise frå tyske München til Monza utanfor Milano i den norditalienske regionen Lombardia, men eg veit ikkje kva som ventar meg.

Det er tredje turen min for å dekke korona-krisa i Italia. Og det er fyrste gongen eg er redd. For kvar gang har situasjonen blitt verre.

Stoppa av soldatar

Italia er hittil det landet i verda som er hardast råka av koronautbrotet og har dei høgste dødstala med over 15.000 døde. Epi-senteret for epidemien har vore Nord-Italia og Lombardia, der det framleis ligg snart 4.000 koronasjuke på intensiven.

På grensa til Austerrike blir eg stoppa av soldatar og politi. Eg må skrive under på eit dokument der eg lovar å køyre rett gjennom landet utan å stoppe.

NRKs reporter Roger Sevrin Bruland er den eneste ved Brennerpasset

ALEINE: Ved bomstasjonen til Brennerpasset er det vanlegvis kø. No er eg heilt aleine der.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ved bomstasjonen til Brennerpasset er det vanlegvis kø av bilturistar som den travlaste vegstrekninga mellom Middelhavet og Sentral-Europa. Eg er heilt aleine.

Eg køyrer rett mot sjukehuset i Monza utanfor Milano – ein stad som vanlegvis er kjend for Formel 1-løp. No er det folketomme gater.

Ved parkeringsplassen til sjukehuset kler eg på meg alt eg har av verneutstyr. Min italienske fotograf gjer det same.

Han fortel han er redd for å bli smitta, han har gamle foreldre heime som er i risikogruppa.

Bakom dørene til sjukehuset ligg 100 menneske på intensiven med respirator.

– Første veka hadde vi 69 pasientar, veka etter 156, og veka etter dette 356. På ein knapp månad hadde vi plutseleg 450 korona-pasientar innlagde. Sjukehuset vårt har ein kapasitet på 600 senger, seier sjukehusdirektør, Mario Alparone.

Han fortel dei har blitt spart for smitteutbrot blant legane og sjukepleiarane, noko som har lamma fleire sjukehus i Lombardia-regionen.

– Vi har om lag 150 helsearbeidarar som er smitta av korona, dette er relativt lite med tanke på at her er 5.000 tilsette, fortel Alparone.

Ingen helsepersonell har døydd av koronaviruset ved sjukehuset. I Italia har så langt 60 legar døydd av korona.

Slimet som gjer at ein langsamt blir kvelt

NRK får bli med inn på intensivavdelinga. Eg blir pakka inn i det dyrebare verneutstyret
til sjukehuset, utanpå det eg allereie har på meg.

Verneutstyr kjøpt på ein jernvarehandel er ikkje godkjent. Alt utstyr må vere sjekka og godkjent av ekspertane på sjukehuset.

Inne på avdelinga ventar eit vondt syn. Pasientar i respirator kjempar for livet. Nokre ligg på ryggen, andre på magen, og nokre sit litt oppreist.

Leiaren for avdelinga, professor Giuseppe Foti fortel at dei eksperimenterer med liggeposisjonen. Det hjelper til å få slimet ut av lungene. Slimet som gjer at ein langsamt blir kvelt.

Alle er kopla til respirator, og når ein får ein plastslange ned i halsen, kjem tunga ut.

Sjukepleiaren som alle berre kallar «Mimmo», vinkar på meg. Rundt hjørnet ligg det fleire pasientar.

Det luktar desinfeksjonsmiddel og alle er kledd opp i verneutstyr, visir og dobbel ansiktsmaske. Sjukepleiarane smiler og helser til meg, dei er ved godt mot. Dei er ikkje redde for å bli smitta, ein må berre følgje rutinane så er det trygt.

Roger Sevrin Bruland blir ikledd smittevernutstyr av sykepleier på San Gerardo-sykehuset i Monza
Foto: Nicola Zini / NRK

Så ropar ein sjukepleiar at ein mann er død. Eg har vore på avdelinga i ni minutt. Ein prest var på veg for å gje den siste olje, men han kom for seint.

Respiratoren blir skrudd av og presten gjer sitt. Ei seng er ledig til ein av dei mange som treng den.

Eg føler at eg står i vegen og ber om å få kome ut. Eg har sett nok.

Intensivbehandling

Om lag 100 pasientar ligg på intensiven med respirator og kjempar for livet.

Korona-smittede pasienter ligger på intensivavdelingen på San Gerardo-sykehuset i Monza utenfor Milano

– Dei kan hoste blod og få panikkangst når dei ikkje får puste

Eg spør professor Giuseppe Foti om det er grunn til å frykte dette viruset:

– Ja. Dette er ingen vanleg influensa. Dette sjukehuset bruker å ta imot dei sjukaste og skrøpelegaste pasientane i Lombardia når det er influensa-sesong. Til det har vi 25 intensivsenger. No har vi nesten 100.

Guido Foti, leder for intensivavdelingen ved San Gerardo-sykehuset i Manzo, blir intervjuet av NRK

VERRE: – Dette er ikkje vanleg influensa. Dette er mykje verre, seier professor Giuseppe Foti, leiar for intensivavdelinga ved San Gerardo-sjukehuset.

Foto: Nicola Zini / NRK

Og det er ein brutal sjukdom for dei som får komplikasjonar. Dei kan hoste blod og få panikkangst når dei ikkje får puste.

Det finst også lyspunkt. Respiratorpasientane ser ikkje ut til å få varige men. Dei ser ut til å bli heilt friske igjen.

– Men det endelege svaret får vi ikkje før om seks månadar når vi har teke alle inn på etterkontroll, fortel Guido.

Smittekurven er i ferd med å flate ut, fortel direktør Mario Alparone.

– Smittetala aukar framleis, men auken har bremsa litt opp, om nokre dagar veit vi om vi kanskje har nådd toppen.

Dei ser om tiltaka som vart gjort verkar først fjorten dagar seinare.

– Det er tida det tek frå ein person blir smitta til han må leggast inn på sjukehus, seier Alparone.

Dei som blir hardast råka av koronaviruset, svever mellom liv og død medan lungene fyllast med slim.

NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland
Roger Sevrin Bruland er ikledd smittevernutstyr inne på San Gerardo-sykehuset i Monza utenfor Milano

– Noreg er heldige

Sjukehusdirektøren har kalla inn alle leiarane til eit dagleg krisemøte.

Alparone sit som ein general ved enden av bordet og manar avdelingsleiarane til kamp.

– Dette er krig, og da må eg samle dei beste folka rundt meg, og vi har berre eit mål. Slost mot fienden!

Møte

DET ER KRIG: Sjukehusdirektør Mario Alparone fortel han må samle dei beste folk i kampen mot viruset.

Foto: NRK

Det er ein dagleg kamp for å skaffe nok smittevernutstyr, sengeplassar, legar og sjukepleiarar.

Dei uerfarne blir sett saman med dei erfarne, det er ein bratt læringskurve. Alparone ser alvorleg på meg:

– Hugs, vi fekk smitten først, vi var ikkje budde på den. De i Noreg er heldige, de har tid til å fylle opp beredskapslagera og omorganisere helseføretaka for å auke talet på intensivsenger.

På veg ut ringer eg til Marienlyst og forlanger å kome på lufta. Eg vil åtvare mot viruset og alle som trur dette er ein vanleg influensa.

San Gerardo sjukehuset vart treft av ein korona-tsunami. Da er det for seint å gjere noko med det.