Nord-Koreas agenter var på farlig oppdrag

OPPDAGA: Dei nordkoreanske agentane risikerte livet i von om at Korea skulle bli eitt, og bli fri for utanlandsk påverknad.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Dei gløymde fangane

19 agentar og spionar som risikerte livet for Nord-Korea, vonar den politiske utviklinga vil føra dei heim, etter fleire tiår med ufrivillig opphald i Sør-Korea. Deira liv er som romanar frå ein krig som ikkje tok slutt.

Han gjorde klar den eine granaten.

Pak Hee-sung (84) ville ikkje bli fanga. Som nordkoreansk agent var det uaktuelt. Då ville han heller døy.

Fienden nærma seg i ein oppblåsbar båt. Dei sørkoreanske soldatane var berre femti meter unna.

Kroppen byrja å bli kald, og medan blodet rann ut av han, såg han livet gå i reprise. Lukkelege og ulukkelege minner velta fram i han.

Pak trekte ut splinten på granaten, og la seg ned på bakken med armane over hovudet.

Han såg smilet på den vesle sonen.

Så svima han av.

Søvnlaus

To dagar tidlegare trong Pak Hee-sung ein god dose søvn.

Kvelden før hadde agentane kasta loss frå Haeju, vest i Nord-Korea, for å dra på nok eit farleg oppdrag sørover langs den koreanske vestkysten.

28-åringen var snart blitt uroleg over at maskineriet fuska. Han likte det ikkje. Som sjef for oppdraget, var det hans jobb å varsla høgare opp i systemet.

Dei fekk ordre om å snu.

Då dei ankra opp igjen, tilbake i heimbyen, var det blitt dag. Sola stod allereie høg på himmelen.

Han prøvde å få si kvile, men det var ikkje fordi ljoset tvang seg inn i det vesle huset at han var vaken. Heller ikkje var det lyden frå kona, som flittig jobba seg gjennom alle skjella dei hadde funne. Fangsten var større enn vanleg. Klikk, klikk, sa det då skjella trefte kvarandre i korga.

Den som heldt den slitne mannen vaken, var den vesle sonen. Han forstod det ikkje, for til vanleg var den seksten månadar gamle babyen slett ikkje oppteken av faren sin. Han ville alltid til mor. Denne dagen var spesiell. Guten ville berre vere med han.

Hamnebyen Haeju hadde vore heimen til den nordkoreanske agenten sidan han blei rekruttert av etterretningstenesta i 1959. Pak hadde ikkje vore vanskeleg å be, for koreansk sjølvstende og sameining var ei sak han gjerne ofra seg for.

Dessutan var Haeju eit symbol på fridom. Byen hadde blitt invadert av Sør i 1950. Det var same året som Koreakrigen braut ut, og same året som han blei soldat, berre 16 år gamal. No var byen i nordkoreanske hender, medan den sørlege delen var kua av amerikanske imperialistar.

Babyen pludra, og kravde merksemd. Så snart Pak sine augelokk fell tungt ned, var den vesle handa i andletet på han. Det var rart med det, at same kor trøytt agenten var, måtte han smila av den sjarmerande plageånda. Hans einaste son.

Livsfarleg møte

Då kvelden på nytt tok over for dagen, hadde han blunda litt, men ikkje nok til at han kjende seg opplagd. Det fekk ikkje hjelpe.

No var maskineriet i båten i orden, og oppdraget måtte bli utført.

På nytt blei kursen sett mot Sør.

Neste dag nådde dei øya Kukhwa-do, der dei venta til det blei mørkt. Blant folka om bord var det berre guiden som visste om den eksakte posisjonen for målet. Mannskapet var skjerpa, men rutinerte. Dette hadde dei gjort før.

Dei skulle henta heim ein spion.

Aksjonen var avtalt med den det gjaldt. Klokka elleve om kvelden, første juni 1962, skulle agenten bli henta på ein hemmeleg plass, på land, øst for bukta Pungyang.

Den nordkoreanske båten gjekk sakte gjennom sjøen i retning målet.

Brått skimta dei noko i mørket. Noko urovekkande, og livsfarleg. Dei var alltid førebudd på det verste. No kom det mot dei.

Skrik i natta

Korleis var det mogleg at den sørkoreanske marinen venta på dei i mørket? Dei hadde ikkje tid til å tenka, men skaut mot skipet.

Dei fekk skot tilbake. Raskt fekk dei båten på ny kurs, mot Nabyangman, der dei visste det var grunnare farvatn. Der kunne dei kanskje sleppe unna, for medan deira båt var liten, var marinefartøyet stort, og stakk djupt.

Det small av kuler gjennom natta. Så eit skrik.

Kapteinen var skoten i ryggen.

Nesten samstundes kom braket. Båten var gått på grunn.

Pak og dei tre andre av mannskapet hoppa ut av båten. I farten fekk Pak med seg skytevåpen, fleire knivar og to granatar. Dessutan hadde han på seg radiosendaren og eit svært viktig papir, med hemmeleg bodskap. Han visste ikkje kva innhaldet var, berre at fienden ikkje måtte få tak i det.

Vatnet rakk han opp til livet, men han var den einaste med automatrifle. Difor let han dei andre kjempa seg i land først, medan han dekte for dei.

Snart kjende han ei skarp smerte i armen. Kula gjekk rett gjennom beinet og knakk armen på han. Med skeiv arm var det umogleg å skyta meir. Han beit tennene saman og kom seg nærmare land.

Der gøymde han geværet, og det viktige papiret.

Under sanden, under vatnet.

Kuler og granatar

Han byrja krypa langs breidda. Då gjekk det opp for han at guiden var skoten. Han låg og flaut i vatnet, og dreiv ut mot havet.

Bakken var mjuk, og slukte føtene hans. Han prøvde å reisa seg, men klarte korkje å springa eller å gå, så han heldt fram med å krypa.

Då vart han skoten igjen. Denne gongen på baksida av låret, like ved hofta. Kula gjekk rett gjennom låret.

Adrenalinet lynte gjennom kroppen, men likevel gjekk det opp for han at kreftene var i ferd med å ebba ut.

Minnet av sonen si vakre pludring flakka framfor auga på han.

Som i ei tåke såg han gummibåten med dei sørkoreanske soldatane gli gjennom vatnet.

Det var berre éin ting å gjera.

Å ta farvel.

Dømd til døden

Då han vakna, var han i politiets varetekt. Dei klipte av han det blodige undertøyet. Den høgre armen og venstre låret var så hardt råka av betennelse at dei hadde problem med å få på han nye klede.

Laster kart, vennligst vent...

Han trur sanden på stranda redda livet hans, at den kom inn i såra og stansa blødningane. På underleg vis hadde granaten ikkje eksplodert.

Under rettssaka mot han fekk han vita at dokumenta han hadde prøvd å gøyma blei funne. I tillegg til desse, blei dokument som gjaldt spionen, også brukt som bevis mot Pak.

Han meiner spionen må ha svike mannskapet på båten, ved å informera sørkoreanarane om kor og når dei skulle møtast, og kanskje fekk spionen sin fridom i bytte.

Pak blei først dømd til døden. Etter eit halvt år blei straffa gjord om til livstid. Han sat 27 år i sørkoreansk fengsel.

Pak Hee-sung

AGENT: Pak Hee-sung har lengta lenge, men veit ingenting om korleis det går med familien i nord.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Tekne i mot som heltar

Eg møter Pak i eit hus han deler med fleire andre nordkoreanarar i Seoul. Det er den sørkoreanske frivillige organisasjonen «Supporting Committe for Prisoners of Conscience», som husar dei.

Pak er ein tynn, men stram kar, som er lett på foten.

Eks-agenten er ein ordensmann. Rommet han bur på, er fullt av bøker, som står ryddig i hyllene. Han les alt han kjem over av litteratur, men er spesielt interessert i den japanske invasjonen av Korea. Såra frå det historiske kapittelet deler koreanarar i Sør, med dei i Nord.

Pak har fått nytt håp om å få reisa heim, etter at presidenten for Sør og leiaren for Nord hadde toppmøte i vår.

Sist det var toppmøte mellom dei koreanske leiarane, i år 2000, fekk 63 tidlegare spionar og agentar frå Nord-Korea reisa heim.

Pak Hee-sung jobba for nordkoreansk etteretning

OPTIMIST: Pak Hee-sung trur Nord-Korea arbeider for å få han tilbake.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Dei skal ha blitt tekne i mot som heltar i heimlandet.

Det er likevel ein stor forskjell: Dei som fekk reisa heim gav aldri etter for press. Dei som er igjen er dei som gav etter, og blei sørkoreanske statsborgarar.

Det inneber å fornekta kommunismen, for i Sør-Korea er det ikkje lov å snakka positivt om regimet i Nord.

– Ikkje min feil

Likevel er det éin ting dei sørkoreanske styresmaktene kan væra sikre på når det gjeld dei tidlegare agentane og spionane frå Nord som vil heim:

Tankane deira får dei aldri.

Og no, når Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har kalla oppmjukinga på Korea-halvøya for ein «ny vår», er dei gamle blitt meir fritalande.

Pak Hee-sung gler seg over den nye koreanske våren

NY TID: Agenten vonar at den politiske utviklinga skal føra han heim til Nord-Korea

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Pak fortel at han er blitt van med det sørkoreanske systemet, men han liker det ikkje. 84-åringen meiner at det er umogleg å ha eit godt liv i Sør-Korea utan pengar, medan Nord tek vare på folk utan solid inntekt.

Pak har aldri fått vita korleis det gjekk med kona eller sonen. Han veit ikkje eingong om dei er i live. Pak hevdar han lett kan få tak i denne informasjonen, men han er redd for å få vita noko som gjer han trist.

Pak Hee-sung er tidligere agent for Nord-Korea. NRK traff ham i den sørkoreanske hovedstaden Seoul i mai i år.

Eks-agenten vonar han blir send heim i år, og først når datoen er sett, ønskjer han å få vita meir om familien. Han opplever det som svært viktig å rapportera til Nord-Koreas regjerande Arbeidarparti så snart han er tilbake.

Pak vil fortelja dei at det slett ikkje var hans skuld at oppdraget feila.

Tvers over gangen frå Pak sitt rom bur Kim Yong-sik (85). Han er tettare bygd, med grove hender og eit muttare sinn.

Kims historie handlar om ein vill flukt. Og om tortur. Året var 1962.

Agenten utan sko

Nordkoreanske agenter hadde farefulle oppdrag

PÅ FLUKT: Kim Yong-sik klarte å rista sørkoreanarane av seg. Han ønskte det kunne vara.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Han høyrde dei koma. Raskt hoppa han inn i buskane og vona han blei usynleg under blada. Kim Yong-sik heldt pusten.

No var han ikkje berre i ei alvorleg knipe.

Kim var i livsfare.

Så langt hadde han klart å rista sørkoreanarane av seg. Om berre det kunne vara.

Dramaet hadde byrja ute på havet fire dagar tidlegare, då dei nærma seg målet utanfor Ulsan.

Bølgene var så store og krasse at det kjendest som om båten ville rista mannskapet or seg der han strekte seg steilt opp mot himmelen for like raskt å stupa ned i sjøen.

Likevel, han blei ikkje sjøsjuk. Kim var tvert i mot svært glad for å vera ute i båt.

Kalla av havet

Han var fødd inn i ein bondefamilie, men likte slett ikkje den type arbeid. Kim hata det faktisk. Slik denne gardsguten såg det var bøndene byfolket sine slavar. Dei tente berre slantar på å grava i jorda.

Kim hadde reist ut i krigen då han var atten, og han hadde kjempa mot amerikanarane. Då han kom heim til landsbyen var ikkje motstanden mot å bli verande blitt mindre. Tvert i mot hadde utferdstrongen berre vakse seg sterkare. Han ville bort.

Ein dag såg han ein plakat der det stod at «havet kallar ungdommen». Det var hans sjanse. Då reiste han så fort han kunne til byen Wonsan aust i landet for å melde si interesse. Han blei testa, men det gjekk greitt, og jobben som radiooperatør på ein fiskebåt blei hans.

Det kjentest fritt å vera på sjøen, og det var betre betalt. Dessutan likte han å sjå den sprell levande fisken koma opp av vatnet, og å eta han fersk.

Ein representant frå Arbeidarpartiet hadde oppsøkt han, og spurt om han ville gjera ein innsats for sameining på den koreanske halvøya.

Han sa ja til det, og det var difor han no sat her i buskane, med kvar einaste muskel spend i kroppen.

Bombardert

Meininga var at han skulle venta om bord i båten eit stykke utanfor Ulsan i Sør, medan guiden og ein til rodde i land for å møta spionen oppdraget handla om. Ordren frå etterretningstenesta var at dei fire andre skulle sitja stille i båten.

Det var ikkje mogleg.

Visst hadde bølgene gitt seg, men like etter at guiden og den andre hadde dratt, blei båten bombardert av kuler. Dei var blitt oppdaga.

Oljetanken blei treft, og dei ikkje kunne gi full gass i noka som helst retning, for drivstoffet rann rett ut.

Kapteinen meinte det var lite dei kunne gjera, men å overgje seg var uaktuelt.

Kapteinen var ein brunbarka kraftkar. Han var ein erfaren sjømann, men også godt trena i koreansk boksing. Trass i at han ikkje var meir enn 165 centimeter høg, var han difor muskuløs og sterk som ein okse.

Kim likte kapteinen. Han var flink med folk, og var ofte i godt humør. Han hadde eit lynne som fekk andre til å føla seg vel.

No var andletet hans alvorleg. Orda han hadde å seia, var ikkje mange, og dei var ikkje oppmuntrande.

Han sa at det ikkje var nokon utveg. Dei kom til å døy om bord.

Eit val å ta

Dei to andre meinte det måtte finnast ei anna løysing.

Kim kjente dei ikkje meir enn frå denne turen, men kanskje hadde dei rett.

Dei sa at ingen var tent med at dei alle mista livet, utan i det minste å ha prøvd å redda seg sjølv. Bortsett frå om dei blei tatt til fange, men då blei dei truleg uansett drepne, for var det ikkje slik at sørkoreanarane skaut spionar og agentar?

Kapteinen tok avgjerda. Dei skulle prøva å flykta.

No måtte dei handla raskt. Dei sjøsette den andre gummibåten, kom seg oppi han, og rodde for livet. Gummibåten var ikkje laga for så mange, og sokk tungt nedover.

Det var som om han ikkje rikka seg av flekken, trass i krafttaka som blei gjorde, men om dei var redde, var det ingen som viste det.

Alle var dei stødige menn som ikkje var lette å få ut av fatning. Alle var dei entusiastiske for misjonen dei hadde fått. Deira brør og systrer i sør trong deira hjelp, slik at Korea kunne bli fri frå framande makter. Korea i nord hadde klart å kvitta seg med japanarane. No var det USA som stod i vegen for at koreanarane skulle vera eit sjølvstendig folk.

Medan gummibåten snigla seg framover, slo det Kim at han aldri hadde tenkt at det var spesielt farleg på sjøen. Ein båt var jo langt tryggare enn eit fly, og om alt hell var ute fanst det redningsvestar.

Ikkje denne dagen. Dei hadde berre to årer og ein gummibåt som gjekk alt for sakte.

Eit lett bytte

Brått kom det ei bølgje frå ein uheldig vinkel. Før dei visste ordet av det tippa båten rundt. Alle fire blei skotne ut av den vesle farkosten og hamna med store plask i den kalde mars-sjøen.

Kim gjekk først under. Så kom han opp til overflata med eit gisp. Han kava i bølgjene, men kjente at dei tunge vinterkleda blei fulle av vatn og trekte han ned.

Han sparka frå så hardt han kunne og fekk ei hand på båten. Han sparka igjen og drog seg tilbake om bord. Kim var ute or vatnet, men no hadde han ikkje lenger skor på beina.

Dei forsvann på djupet.

Etter fleire basketak var alle tilbake i båten, men årene var borte. Hutrande innsåg dei at dei faktisk måtte ta nevane fatt.

No var det berre 100 meter til land, men dei var eit lett bytte.

Til vanleg ville natta ha vore svart. Det var ho ikkje. Kim opplevde at det var ljosare enn midt på dagen, for skota frå maskinvåpen kom saman med signalbluss.

Som ved eit under kom alle fire seg heilskinna i land, frosne til mergen. Sola var i ferd med å stå opp, og no ville dagsljoset lett kunne avsløra dei.

Ein landsby

Heldigvis var det ulendt terreng, og så snart dei kom seg inn i dei skogkledde fjella var dei mindre sårbare. Etter å ha vandra til midt på dagen, kom dei til ein brei veg. Dei visste at dei måtte halda seg utanfor allfarveg, og venta til mørket fell på.

Så kryssa dei vegen.

Eit døgn seinare var dei segneferdige, men då dei kom ned i ein dal, såg dei ein gard framfor seg i kveldsmørket. Der var det garantert både mat og drikk å forsyna seg av.

Dei tok sjansen og gjekk opp til garden.

Mannen som budde i huset sa ikkje nei til å gi dei mat, men bad dei om å venta ei lita stund.

Borna som var der fór av garde og kom tilbake med landsbyleiaren.

Han sa at desse mennene måtte vera svoltne, og gav ordre om at dei måtte få nok å eta. Deretter bad landsbyleiaren kapteinen følgja med inn i huset.

Kim høyrde dei to krangla og at landsbyleiaren slo til kapteinen.

Så, ein eksplosjon.

Berrføtt

Kim og dei to andre stal med seg eit par tallerkenar, røter og saus dei fann i farten, og la på sprang.

Dei konkluderte kjapt med at kapteinen hadde blitt overmanna og difor gjort sjølvmord med ei granat.

No var Kim i ein, om mogleg, enda farlegare situasjon.

Han var også berrføtt, og det var eit svært dårleg utgangspunkt for ein mann på flukt.

Litt lengre inn i dalen fann dei ei mølle der ris blir kverna. Ho var stengd, men dei fann i det minste nokre restar av ris som dei skuffa inn i munnane og ned i lommene.

Kim nappa med seg nokre strå frå ei rismark og fletta saman sandalar med dei – ein teknikk han hadde lært under den japanske invasjonen. Sandalane var ikkje egna til å springa i, men dei var betre enn ingenting.

Dei tre tok sikte på eit fjell, men ikkje før dei hadde byrja klatringa såg dei politi på veg nedover.

Skot blei fyrt av.

Ingen anger

Mennene sprang i kvar sin retning. Heldigvis var fjellet skogkledd. Med hell kunne dei gøyma seg bort.

Kim kasta seg under nokre buskar og heldt pusten.

Med kroppen dekt av blad sprang Kim sine tankar til kona i den nydelege, heilt kvite, og tradisjonelle koreanske kjolen. Han visste det då han reiste frå heimen, at det kunne bli siste gongen han såg familien.

Kona viste med heile seg at ho ikkje likte at han skulle dra på dette oppdraget, men Kim hadde bestemt seg. Ingen kunne ha stansa han. Difor sa han berre at ho måtte gjera sitt beste, og oppdra dei godt, sonen på sju, og dottera på to år.

Heller ikkje no, der alt og eitt kunne vera ute, kjente Kim på anger.

Politiet kom nærmare, og nærmare. Dei saumfór bakken.

Kim tenkte at han ikkje ville bli tatt til fange av «imperialistane», men visste han berre hadde to val.

Enten å bli oppdaga, eller å overgje seg.

I båe tilfelle kunne han bli drepen, men truleg var det meir sannsynleg at han blei skoten om han ikkje gjorde seg sårbar.

Då høyrde Kim sin eigen stemme ropa: «Her er eg. Ikkje skyt».

Torturert

Politimannen skaut ikkje, men klaga over at skorne hans blei øydelagde i jakta på nordkoreanaren.

Kim blei dømd for spionasje, og sat i fengsel i 26 år.

Eks-agenten fortel at han under fengselsopphaldet igjen kom tett på døden. I 1972 blei det gjort stadige forsøk på å få han til å skifte side.

Metoden var tortur.

Det blei lagt eit tynt handkle over auga og munnen hans. Så helte dei vatn over andletet på han.

Andre gonger batt dei hendene bak ryggen på Kim, og tvinga han til å eta smular frå golvet.

Til slutt knakk han saman og blei sørkoreansk statsborgar. Det innebar at han måtte fornekta sin ideologi.

Overmann

Etter at Kim blei tatt til fange fekk han vita at kapteinen ikkje var død.

Då han hadde forstått at han hadde møtt sin overmann i huset på landsbygda, hadde kapteinen eksplodert granaten.

Landsbyleiaren døydde, men sjølv blei han liggjande på golvet og blø frå eit hol i magen som var så stort at innvolane kom ut. Kapteinen blei operert på eit sørkoreansk sjukehus.

Allereie før Kim overgav seg hadde dei to andre han flykta saman med blitt tatt. Også dei overlevde.

Guiden, som hadde gått i land i den første gummibåten, hadde nådd fram til møtepunktet som var avtalt med spionen. Der var han blitt overrumpla, skoten og drepen.

Den som drog saman med guiden, klarte først å rømma, men blei seinare innhenta.

Kim Yong-sik jobba for nordkoreansk etteretning

BLOMAR: Kim Yong-sik har fått eit spesielt nært forhold til blomar

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Blomane

Når eg møter Kim Yong-sik (85) i Seoul har det gått 56 år frå dagen han blei tatt til fange. Mannen som ikkje ville bli jordbrukar steller i hagen.

Med dei kraftige nevane kjærteiknar han blomane utanfor huset han deler med dei andre nordkoreanarane. Det er han som gir blomane næring og vatn, slik at dei kan veksa seg sterke og vakre.

Erfaringane frå ein krig som aldri tok slutt har hardna både kropp og sjel, men når han ser på dei flotte vekstane blir blikket mjukt, som om han har fått eit spesielt band til blomar, på eit slags spirituelt nivå.

Det har si forklaring:

Kim Yong-sik jobba for nordkoreansk etteretning

GARTNAR: Eks-agenten kjem aldri til å gløyma dagen han blei tatt, og blomane som nærmast velsigna han då

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Då han overgav seg til sørkoreansk politi kjente agenten frå Nord seg mislukka.

Det var då han såg dei. Blomane.

Vakre og fargerike, rosa blomar.

Dei ville asaleaene strekte seg mot Kim, som om dei ville omfamna han.

Då fekk Kim ei kjensle av at han fekk ei velsigning. Han hadde gjort sitt beste.

Eks-agenten er framleis sint på at han blei tvungen til å blir sørkoreanar, men trur ikkje at dette statsborgarskapet står i vegen for ein varm velkomst i Nord.

Om berre styresmaktene i Sør-Korea lar han få lov.

Då vil han endeleg reisa heim.

Kim Yong-sik jobba for nordkoreansk etteretning

HEIMEN: På veggen heng eit portrett av ei yngre utgåve av Kim. Nokre visne blomar og eit kinesisk flagg står langs veggen. Kim kjenner eit brorskap til nabofolket i vest, fordi Kina stod på Nord-Koreas side i Koreakrigen, og båe deira land blei invaderte av Japan.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK